Kvinne som har avslutta tre svangerskap, demonstrerte mot abort i London
Rundt 7.000 deltok i årets Ja til livet-marsj i den britiske hovudstaden, ifølgje arrangørane.
Med bøn, song og dans marsjerte dei mot dei britiske parlamentsbygningane sist laurdag.
Ei av dei var den unge kvinna Ellie, som ikkje står fram med etternamn. Ho fortalte om djup anger etter å ha gjennomført tre abortar.
– Eg visste instinktivt når det var tid for å gå på toalettet og føde barnet mitt, sa ho med heva røyst for å overdøyve motdemonstrantar, ifølgje indcatholicnews.com.
– Den separasjonsaugneblinken er brent inn i minnet mitt for alltid, sa ho.
– Eg trur eg kan snakke for alle kvinner som har teke abort som står her i dag, når eg seier at abort ikkje gav oss fridom, men tok oss til fange på ein eller annan måte.
Motstand mot avkriminalisering
Politiet reknar med at rundt 7.000 deltok i demonstrasjonen, i alle aldrar, ifølgje ei pressemelding frå ADF UK.
Sentrale bodskap var auka støtte for mødrer og born, og motstand mot avkriminalisering av abort.
Den gjeldande britiske lovgivinga mot abort vart vedteken i 1967. Den set grensa først på 24 veker, men må ha samtykke frå to legar.
Ny fart i abortdebatt
Mellom deltakarane var parlamentarikaren Edward Leigh. Han gjekk med eit skilt med påskrifta «Abort er ikkje ei helseteneste, helsetenester drep ikkje». Fleire kristne leiarar og konservative kommentatorar deltok også.
Dei siste åra har det vore rettssaker mot kvinner som har teke abort etter grensa. I juni vart ei kvinne dømt til to års fengsel for å ha teke abort på eiga hand i åttande månad, som Dagen melde.
Det har sett fart i debatten om den gjeldande lova. Somme meiner denne er utdatert.
– Med press for å avkriminalisere abort opp til fødselen på horisonten, har det aldri vore ei meir avgjerande tid for å fremje omsynet til kvinners helse og velferd, sa Lois McLatchie Miller.
Ti år neste år
I forkant av demonstrasjonen hadde det vore mobilisert til motdemonstrasjon, men oppslutnaden skal ha vore beskjeden.
Neste år er det ti år sidan marsjen vart arrangert første gongen. Då er målet å samle 10.000 menneske, ifølgje den kristne lobbyorganisasjonen CARE.