mindre fly: I desse dagar utarbeidar Kyrkjerådet nye og klårare retningslinjer for dei tilsette sin bruk av flytransport. Målet er å legge seg på eit berekraftig nivå.
Foto: Adobe Stock
Kyrkja vil kutte flyreiser for sine tilsette
Den norske kyrkja utarbeider etisk kompass for flyreiser. – Unødvendig for oss, meiner misjonsorganisasjonar.
Etter eit år med sterkt klimafokus har Den norske kyrkja bestemt seg for å ta grep. I desse dagar utarbeidar Kyrkjerådet nye og klårare retningslinjer for dei tilsette sin bruk av flytransport. Målet er å legge seg på eit berekraftig nivå og bruke meir kollektivtransport.
Vil få konsekvensar
– Saka er sendt til drøfting hjå dei tillitsvalde, og vi ventar på deira innspel. Dette vil ha ein del konsekvensar for dei tilsette, og difor kan eg ikkje seie noko meir om det endå, seier avdelingsdirektør for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland, som leiar arbeidet med dokumentet.