KYRKJEAKTIV: Oddny Miljeteig vart i 2019 vald inn i Bjørgvin bispedømeråd.

Kyrkjeleiar og SV-profil: «Nesten barbari» om politiet går inn i kyrkja og hentar ut asylsøkjarar

– Det vil vere eit åtak kyrkja ikkje kan finne seg i, seier Oddny Miljeteig.

Publisert Sist oppdatert

I fjor haust gav regjeringa amnesti til dei få som sat i kyrkjeasyl. No seier styremaktene at dei som heretter søker ly i kyrkjene, ikkje utan vidare kan rekne med å få særhandsaming.

Familien som har opphalde seg i Bremnes kyrkje på Bømlo sidan 19.mai, kjenner seg utrygge og fryktar at politet vil ta seg inn i gudshuset og sende dei ut av landet med makt.

– I heilage rom gjeld Guds lov

Oddny Miljeteig, nestleiar i Bjørgvin bispedømeråd, reagerer sterkt med tanke på ein slik situasjon.

– Det er nesten barbari, seier Miljeteig til NRK.

Overfor Dagen utdjupar ho:

– Du kan jo seie at det er eit heftig ord å bruke om ei tildraging i Noreg, men nettopp derfor brukar eg det. I heilage rom gjeld Guds lov framfor alt, og det er ein lang tradisjon for at heilage rom er siste sjanse for forfølgde menneske.

Miljeteig viser til at statlege valdsapparat andre stader i verda går inn i kyrkjer for å «gjere meir enn å dra ut menneske, for å seie det slik.»

— Det har ikkje skjedd i Noreg. Her har me ein lang tradisjon for at det statlege voldsmonopolet, politiet og militæret, held seg unna Guds hus. Slik må det vere i framtida også. Me har ikkje ei statskyrkje lenger, men bevegar oss inn på ein fårleg veg dersom vi byrjar å herse med kyrkjene slik.

Oddny Miljeteig (68) var kjend som den mest profilerte SV-politikaren i Bergen då ho for fire år sidan blei vald inn i Bjørgvin bispedømeråd. Ho er i dag nestleiar i rådet.

ASYLANTAR: Tamar Jakarian (th) og Harout Jakarian (midten har foreløpig funnet seg til rette på et rom bak orgelet i Bremnes kirke på Bømlo. Til venstre: Datteren Natali Jakarian og hennes kjæreste Jan Erik Nåsen.

Partiet hennar var ein pådrivar bak avtalen som gav amnesti til dei siste attverande kyrkjeasylantane i Noreg. Då hadde familien Johnson Collin halde til i kyrkja på Finnsnes i Troms i åtte år.

Seinare har regjeringa gjort det klart at det ikkje er rom for «særhandsaming» for dei som heretter søker ly i kyrkjene - til dømes etter at dei har fått avslag på søknaden om opphald i Noreg.

«Det vil fremover ikke lenger være særskilte retningslinjer for fremtidig uttransport av personer som har tatt opphold i kirker. Det betyr at om det skulle oppstå nye tilfeller av kirkeasyl, skal sakene løses i tråd med politiets vanlige rutiner. Det vil si på en så skånsom måte som mulig», skreiv regjeringa på sine nettsider 14. april i år.

Den norske kyrkja og Norges kristne råd har protestert mot dei nye signala og ber politiet halde seg unna heilage rom.

Regjeringens nye forskriftsbestemmelse om kirkeasyl

«Kirkeasyl» er ingen formell ordning som er regulert i lov eller forskrift. I praksis oppstår kirkeasyl når noen tar opphold i et kirkerom for å unngå uttransportering etter rettskraftig vedtak i saker om søknad om asyl eller oppholdstillatelse. Kirkeasyl har vært svært lite brukt her i landet de senere årene. Justis- og beredskapsdepartementet er ikke kjent med at noen er i kirkeasyl i dag.

Regjeringen ønsker å forebygge nye tilfeller av kirkeasyl. Det vil fremover ikke lenger være særskilte retningslinjer for fremtidig uttransport av personer som har tatt opphold i kirker. Det betyr at om det skulle oppstå nye tilfeller av kirkeasyl, skal sakene løses i tråd med politiets vanlige rutiner. Det vil si på en så skånsom måte som mulig.

Tiltak som dialog, informasjon og samarbeid med kirken vil være sentrale elementer for å få til frivillige løsninger og unngå bruk av makt. I ytterste konsekvens vil politiet kunne bruke makt, men dette skal unngås så langt det lar seg gjøre. Om barn er berørt skal barnefaglige prinsipper for politiets arbeid i asyl- og utlendingssaker legges til grunn.

Kilde: regjeringen.no / Engangsløsning for utlendinger som har oppholdt seg i kirkeasyl, datert 14. april 2023

19. april fekk den nye ordninga brått ein aktualitet då familien Jakaran gjekk i kyrkjeasyl på Bremnes i Sunnhordland. Familien består av Harout (56), Tamar (50), Pogos (25) og Natalie (24). Dei har budd på Bømlo i ti år og fått seg arbeid og hus i kommunen.

– Det er inga triveleg eller lettvint løysing når ein slik familie brått må gå i kyrkjeasyl. Dei kan ikkje gå utom døra og er avhengig av andre for å få tak i mat og legetilsyn og alt mogleg for å få kvardagen til å gå opp. Men når nauda er størst, må me akseptere at nokon tyr til ei slik løysing, seier Miljeteig vidare.

Ho tykkjer det er forferdeleg om ei regjering utgått frå Ap og Sp skulle kome til å øve vald mot kyrkjeasylordninga.

– Dei burde vite betre og ha meir respekt for gudshusa, seier Miljeteig.

Ho har i lang tid engasjert seg sterkt i norsk asylpolitikk og konkrete asylsaker. Mest av alt ønskjer ho seg ein «meir human asylpolitikk».

Miljeteig ser på kyrkjasyl som eit symptom på ein asylpolitikk som heilt frå byrjinga av 2000-talet har vore for streng.

– Me treng ein politikk på dette feltet som gjer at ikkje nokon treng å gå i kyrkjeasyl. Vi treng ein asylpolitikk som held vatn, seier ho.

– Kva kan kyrkja gjere meir enn å ytre seg kritisk til det nye regelverket?

– No er me heldigvis i ein situasjon i Noreg der det er ord me må bruke. Kyrkja har vore tydeleg ved mange høve når det gjeld asylpolitikk og har ein lang tradisjon for å engasjere på dei forfølgde si side. Dersom regjeringa tillet politiet å gå inn i Guds hus, er det eit åtak kyrkja ikkje kan finne seg i.

Powered by Labrador CMS