STILTE TIL VERDIDEBATT: Kyrkjelydane kalla ordførarkandidatane i Time inn til verdidebatt.

Kyrkjelydane fekk seks av åtte ordførarkandidatar til å slå ring om friskular og skulegudstenester

– Kommunen blir rikare om det blir ein større flora i skulesektoren, meiner Miljøpartiet De Grønne sin ordførarkandidat i Time kommune, Jon Torger Salte.

Publisert Sist oppdatert

Kva verdiar kjem til å prege kommunen vår dei neste fire åra? lurte sju kyrkjelydar i Bryne på.

For å få svar kalla dei inn alle ordførarkandidatane til verdidebatt, ein månad før kommunevalet.

I debatten kjempa bror mot bror og baptist mot baptist om dei kristne veljarane sin gunst, men to saker var dei einige om: skulegudstenester og friskular er ønskeleg i Time kommune.

I andre kommunar kan det vere motsett.

Strammar inn nasjonalt, opnar opp lokalt

I regjeringa sitt forslag til ny privatskulelov kan det bli vanskelegare å etablere nye friskular. Lovforslaget, som blei sendt på høyring i desember i fjor, slår fast at departementet skal leggje vesentleg vekt på kommunane si meining når nye privatskular skal godkjennast.

For friskuleforkjemparar i Time kommune kan det vere godt nytt.

– Eg trur friskuletanken står ganske sterkt her i Rogaland. Til og med parti som elles er ganske skeptiske til friskular kan vere relativt pragmatiske her, seier Miljøpartiet De Grønne sin ordførarkandidat i Time kommune, Jon Torger Salte.

GRØN: Jon Torger Salte er MDG sin listetopp i Time kommune før kommunevalet 2023.

Partiet hans vil halde talet på friskular på dagens nivå. Salte på si side meiner det er viktig å leggje betre til rette for ideelle og religiøse skular.

– Eg trur Time kommune blir rikare om det blir ein større flora i skulesektoren, sa han under debatten.

Det er ikkje utan grunn.

Vil familiane skal velje sjølv

Salte er baptist og friskulelærar sjølv, på Kongstun kristne grunnskule, som er eigd av den lutherske stiftinga, Paideia.

Også Venstre sin ordførarkandidat, Endre Voldsund, ønskte friskulane velkommen i Time. Det same gjorde broren, Andreas Vollsund, som er Høgre sin ordførar i dag.

– Her i Tine er det er opp til familiane å velje skule for sine eigne barn, og slik må det vera, sa Vollsund.

Han møtte motbør frå Arbeidarpartiet og SV.

– Eg er uroleg for med private skular er at det fører til større klassar og dårlegare undervisning i dei offentlege skulane. Då risikerer ein at mange vel å ta ungane ut av skulen og inn i private skular.

– Skulegudstenester er ein god, god tradisjon

Ordstyrar, Tom Hetland, ville også vite kva ordførarkandidatane meinte om skulegudstenestener, som er utrydningstrua mange stader i landet.

Også på dette området var dei fleste ordførarkandidatane samde:

– Å lære ungar om religion førebyggjer hat og ekstremisme. I Frankrike der all religion høyrer privatlivet til slit dei mykje meir med ekstremisme, påpeiker Ap sin ordførarkandidat, Karen Hognestad Liland.

Høgreordførar, Andreas Vollsund, delte sine erfaringar med skulegudsteneste:

– Eg har vore med på skulegudsteneste der skulen er delaktig. Uansett kva du trur på trur eg alle har ei god oppleving av desse gudstenestene. Me er i Noreg, og det er ein viktig del av vår tradisjon, som eg håpar dei aller fleste får oppleve, for det er ein god, god tradisjon me har.

Vollsund fekk støtte frå MDG sin Jon Torger Salte:

– Skulegudstenester speglar tradisjon og ekte trusliv. Den beste måten å lære på er å sjå korleis trua blir gjennomført i praksis, anten det er i ortodoks kyrkje eller moske. Ein må berre sikra at gudstenestene skjer i god dialog med skule og kyrkje, så det blir inkluderande.

– Må inkludere «annleis kristne»

Det vesle forbeholdet han tar kjem ikkje av ideologi, ifølgje han sjølv, men om baptistarven.

– Det er ikkje berre islam og Humanetisk forbund som syns det blir lettare å delta på skulegudstenestene dersom dei blir meir inkluderande.

Med meir inkluderande meiner han å kutte ut ledda i liturgien som er deltakande, som til dømes «La oss be».

Som fjerde generasjons baptist har Salte ei farmor som på 40-talet måtte kjempa for å få fritak frå den obligatoriske skulegudstenesta.

– Det har tidvis og vore vanskeleg å vere annleis kristen i dette landet, påpeiker han.

– I den baptistiske arven ligg det ein tradisjon for å ville skilje mellom kyrkje og stat, forklarer han.

– Det er viktig for meg og.

Friskulelærar med hjarte for MDG

Sjølv er MDG-toppen i dag aktiv i Den norske kyrkja, organist i Bryne kyrkje og ein tilhengar av skulegudsteneste, men han hadde ikkje trudd at partia var så pass samstemde i synet.

– Det var kanskje det som overraska meg mest i debatten. Alle har det same grunnsynet, seier han til Dagen etter debatten.

GRØN ORDFØRARKANDIDAT: Jon Torger Salte.

30-åringen fant vegen inn i MDG i skulevalet som 16-åring. På den tida hadde partiet framleis berre hadde 0,1 prosent oppslutning. Sidan har han blitt verande og nå gått til topps i Time kommune.

Ikkje einig med eige parti

– Den langsiktige tenkinga er nok grunnen til at eg framleis er med i partiet.

– Framleis? Har du vurdert noko anna?

– Abort til dømes. Personleg syns eg at nemdordningane er veldig bra for å gi råd, slik at me får ned aborttala. MDG har eit par saker der eg kanskje stemmer imot mitt eige parti av samvitsgrunnar.

Friskulelæraren frå Bryne var ein del av mindretalet i MDG som kjempa for å halde abortgrensa på 12 veker. Han er også ein kompromisslaus forsvarar av ytringsfridom, medrekna koranbrenning, men mest av alt brenn han for skaparverket, natur og alt liv, født som ufødt, dyr som menneske.

– Å gi ære til Gud handlar om å ta vare på Guds skaparverk. Derfor valde eg MDG.

Om dei kristne veljarane er einige står att å sjå.

– Ber for dykk

Pastor Thomas Aas Pedersen i Bryne misjonskyrkje er ein av initiativtakarane til verdidebatten.

Han vil ikkje spekulere på kven som er kristenveljarane sine favorittar, men trur slike arrangement er med å knytte kyrkjelydar og politikarar tettare saman.

– Det krev ein landsby for å oppdra eiet barn. Me ser at me er saman om noko større, seier han til Dagen.

I valkamp er det ikkje berre politikarar som kjem med løfter til veljarane. Aas Pedersen kjem også med eit løfte til politikarane:

– På vegner av kyrkjelydane på Bryne vil eg sei at sjølv om alle ikkje alltid er einige i alt heier me på dykk og ber for dykk.

Powered by Labrador CMS