Lanserer muslimsk-kristen andaktsbok

Prest Sunniva Gylver skriv andaktsbok saman med muslimske Bushra Ishaq. – Boka ynskjer å bidra til å styrkje samtalane om tru og trusidentitet midt i mangfaldet, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

– Eg vil kalle boka for ein liten verdssensasjon, seier Sunniva Gylver, prest i Den norske kyrkje, tidlegare programleiar, trusformidlar og forfattar, med eit lurt smil.

Gylver er kristen og har no skrive den muslimsk–kristne andaktssjangerboka «Tro på tvers» saman med medforfattar og muslim, Bushra Ishaq. Den vart gjeven ut på Vårt Land forlag i helga.

– For meg kjennest det framand med ei slik felles andaktsbok, seier Espen Ottosen informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband, samfunnsdebattant, teolog og tidlegare dagleg leiar i Lunde Forlag.

– Vil kjenne seg igjen

Formålet til forfattarane er å vitne og nøre opp om trua slik dei definerer den, og gje to førstepersonsportrett av kva som er fint, krevjande og viktig i trua deira. Gylver seier at dei med boka ynskjer å bidra til å styrkje samtalane om tru og trusidentitet midt i mangfaldet, utan å skape distanse eller gjere det på kostnad av andre.

– Om kristne les Bushra sine andaktar, og muslimar mine, vil dei antakeleg kjenne seg igjen i mykje. Eg trur dette kan vere med på å gjere trua rikare, og folk positivt nysgjerrige på andre grupper enn si eiga.

– Boka er ikkje uttømmande på noko tema. Den går inn på det som er viktig for oss i møte med livet og trua i 2018. På nokre tema er vi svært samde og har skrive nokså like tekstar. I andre tekstar har vi ein ulik inngang og ei anna understreking. Målet er ikkje primært å finne ut kor vi er usamde. Vi skriv ut frå det vi trur på.

Johannes 14, 6

Somme vil nok referere til Johannes 14, 6, der Jesus seier «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.», og stille spørsmålet Gylver har fått høyre undervegs: «Korleis kan du byggje opp ei andaktsbok som sidestiller di tru med ei anna?».

– Eg har vorte kjent med ei tru og ein tradisjon eg vedkjenner og er kalla til å formidle og tene så tydleg, smittande og truverdig eg kan. Det er den kristne trua som er sann for meg. Samstundes veit eg at mange av mine næraste tenkjer og trur annleis enn meg. Eg veit at alt vi seier om desse tinga, seier vi i tru, og at Gud alltid er større enn våre tankar og vår tru. Ut frå dette tenkjer eg at Kyrkja si sanning ikkje vert mindre sann av å stå ved sida av ei anna sanning. Slik er jo røyndomen.

– Når folk spør om me trur på same Gud, så svarer eg både ja og nei. Vi trur på same Gud i den forstand at Gud er skapar av himmel og jord, verdsfrelsar, og full av nåde. På den andre sida trur vi ikkje på same treeinige Gud, og for meg er det umisteleg at Gud vart menneske, stod opp frå dauden og sigra over han.

Gylver trur den beste forma for misjon er å dele tru, der ein yt same respekt og vensemd ein sjølv vil bli møtt med av andre.

– Eg går ikkje i dialog med mål om å omvende folk. Eg gjer det for å vitne, dele tru, verte klokare, redusere stigma og fordomar båe vegar. Eg trur me ein dag skal stå til rekneskap for Gud med livet vårt, og at me treng frelse, alle saman. Eg søkjer å vitne om mi tru og elske min neste, og leggje resten i Gud sine hender.

– Tydeleg religiøs

Ho har bede til Gud om at dette til sjuande og sist skal vere godt og tenleg for kyrkja ho har som arbeidsplass og har sin fellesskap i.

– I samband med religion, er det konflikt som får plass i media. I motsetning til det ynskjer vi å gje andre eit kvardagsbilde av livssyna våre. Mange oppfattar religion som trøbbel og assosierer ei sterk tru med ekstremisme eller terror. Eg ynskjer å vise at ein kan vere tydeleg religiøs, utan å skape avstandar til dei som trur annleis.

Noko Gylver er oppteken av, er at menneske ikkje skal setje kvarandre i båsar, men heller sjå etter gode praksisar og vitnesbyrd innanfor eiga, men også andre si tru.

– Vi tenkjer begge at vår eiga tru er «best». Det er viktig å vere frimodig og tydeleg utan å snakke ned, mistenkeleggjere eller la vere å snakke om den andre si tru. Vi er no eit mangfaldig samfunn, noko vi må leve i og tilpasse oss til – og gjerne elske. Gud har skapt og verkar over alt, gjennom sin heilage ande.

Gylver trur det vil vere godt for folk å setje ord på eiga tru og eige livssyn, og at det vil rusta ein til å stå i mangfaldet.

– Mange kristne og sekulære sitt tilhøve til islam ser ut til å vere basert på fordom og frykt. Vi har eit mål om å vise fram trua på ein annan måte enn den folk er vande med. Og vi ynskjer å vere med på å bryte ned fordomar knytt til islam og kristendom. Min motivasjon er å vere ei tydeleg kristen stemme, med ei tru og ein teologi eg sjølv kan stå inne for, på vedkjenninga sin grunn. Samstundes vil eg vere med på å presentere ei haldning som er open for dialog, mangfald og tilnærming til anna tru. Dette trur eg er måten å leve og møte kvarandre på.

Refleksjonar

Bushra Ishaq seier til Dagen at der er ingen andaktstradisjon i islam. Ho presiserer at ho ikkje ynskjer å forkynne med denne boka.

– Eg er ingen teolog. Eg skriv i kraft av det å vere personleg muslim. Eg er tydeleg på dette i boka, sjølv om eg brukar same sjanger som Sunniva. Det er svært forståeleg at ein som kristen er oppteken av å unngå trusblanding. Det same gjeld frå muslimsk side. Vi må stå saman, men vere tydlege på kvar vår trustradisjon. Derfor har vi kalla den ei refleksjonsbok. Samstundes er andaktsjangeren innanfor den kristne trua ein fin og personleg måte å formidle på.

– Grunnleggjande skeptisk

NLMs Espen Ottosen har enno til gode å lese boka. Han er grunnleggjande skeptisk til ei andaktsbok og seier forskjellane på Islam og Kristendom, vurdert ut frå det åndelege, er større enn likskapane.

– For meg er det veldig framand å lage ei felles andaktsbok, der både kristne og muslimar kjem til orde. Eg trur det fører til bagatellisering av viktige religiøse skilnader, som i verste fall kan oppfattast som eit forsøk på religionsblanding.

Personleg ville han ikkje ha brukt ei felles andaktsbok som verkemiddel for å redusere fordomar.

– Ei slik bok har som utgangspunkt at muslimsk forkynning er sann og rett, i alle fall i det store og heile, noko eg meiner høyrest uryddig ut. Det meir naturlege ville vere å gje ut ei dialogbok som skulle kunne opplyse lesarane på likskapar og forkskjellar.

Ottesen tvilar ikkje på at intensjonane er gode, for nokre av desse intensjonane deler han òg.

– Det er viktig som kristen å snakke respektfullt om muslimar. Det vil vere vanskeleg å nå dei med evangeliet, om dei ikkje opplever at eg er interessert i å lytte til dei og forstå kva dei tenkjer.

Powered by Labrador CMS