Legesaka som tok heilt av
Få hadde trudd at dette skulle bli ei av dei heitaste politiske sakene med den nye regjeringa.
Det snør tungt utanfor det kvite venterommet på Bø legesenter i Telemark.
- Eg tykkjer det er ei tragedie om han skal slutte, seier ei kvinne på 66 år.
Denne februardagen sit ho og ventar på sin time hjå ein av dei utskjelte reservasjonslegane. Tre av sju legar her reserverer seg mot å vise til abort eller setje inn spiral.
Rikspressa veit å nytte det til det fulle for å vise kor galt det kan gå når legar får reservere seg av samvitsgrunnar i liv/død-spørsmål.
Tog og bråk
Kvinner og bloggarar klagar og mobiliserer. 8. mars går over 10.000 personar i tog i Oslo mot reservasjonsretten. Dei vil ha fri tilgang til abort, utan å måtte møte fordømmande legar på vegen.
Det heile startar med samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia og støttepartia i fjor haust. KrF og regjeringa har eit punkt som Venstre ikkje stør: gi fastlegar høve til å reservere seg mot å vise til abort.
Gjennom vinteren blir det mykje bråk. SV og Ap prøver å setje helseministeren fast i at han skal ha meint det motsette tidlegare. Bent Høie svarar med å sende sitt forslag på høyring.
Avtale med KrF
Men helseministeren slit i motvind. Han prøver å påpeike at det er snakk om eit reservasjons høve, ikkje rett, mot å vise til abort. Og at det ikkje på nokon måte skal true abortretten. Den politiske venstresida bit ikkje på det.
KrF og Høgre blir så pressa utover våren at dei inngår ein «reservasjonsavtale».
Ein maidag skriv dei under, med fullt pressekorps som vitne på toppen av SAS-hotellet i Oslo, på at legane skal sleppe å underskrive kvinners søknad om abort. Men dei må framleis sende dokumentet til sjukehuset.
Varsame legar
Tilbake i februar, midt i opptakten til 8. mars-toget, tok Dagen turen til Bø for å snakke med menneska i lokalsamfunnet.
To av reservasjonslegane var til stades på legekontoret. Dei let seg fotografere, men ønskte ikkje å kommentere saka. Dei var forsiktige, varsame, fordi fylkeslegen hadde fått klagar på dei. Men ingen kvinner i lokalområdet skal ha klaga på praksisen i Bø.
I løpet av året seier dei to legane opp jobbane for å sleppe meir av dette styret. Uansett ville dei ikkje få reservere seg frå å setje inn koparspiral. Det skal bare vere tillate å sleppe unna å vise til abort.
Satire
«Nei, nei, jeg reserverer meg», syng tre komikarar i showet «Småtingsvalg» på standup-scenen Latter i Oslo om sommaren.
Dei latterleggjer at fastlegane vil reservere seg mot alt mogeleg. Satiren blir også sendt under Komiprisen på NRK, og blir gjenstand for kort debatt i Kringskastingsrådet. Dei nektar å kome med noko vedtak, spøkefullt sagt i frykt for å bli hersa med av komikarar.
Les også: – Greit med satire om reservasjon
På hausten finn andre reservasjonslegar ut at dei ikkje er nøgd med reservasjonsløysinga, men det vel regjeringa å oversjå.
I starten av desember vedtek Kongen i statsråd endringane i reservasjonsavtalen.