ARBEIDSLIV: Lena Fjellengen Røttingsnes er elev ved Bibelskolen Substans.
Foto: Gunnhild Lønning
Lena (20) er eit arbeidsjern, men slit med å få seg jobb: - Er det fordi eg er kristen?
Lena er ei av dei som har opplevd at trua hennar har vekt skepsis hjå einskilde arbeidsgjevarar.
I eit lesarinnlegg i Bergens Tidende spør Lena Fjellengen Røttingsnes om statusen hennar som bibelskuleelev gjer det vanskelegare å få arbeid.
Sidan august i fjor har 20-åringen søkt på ei rekkje jobbar, om lag 20 stykk, men ho vart berre kalla inn til tre intervju.
- Eg har tenkt at anten så vil ikkje Gud at eg skal ha jobb, eller så er det fordi eg går på bibelskule, seier Lena for å setja det heile på spissen.