Lengten etter det stille
Veka mellom palmesøndag og påskedag blir i kristen tradisjon kalla den stille veka. På fleire kristne retreat er det ventelister for å få plass.
– På same måten som pilegrimsarbeidet er retreatrørsla ei rørsle i stadig vekst. Det er ikkje snakk om dei store massane, men det er nok rett å seia at fleire har fått auga opp for retreat, seier prest Liv Hegle i organisasjonen Areopagos.
Ho er leiar i kontaktgruppa for retreat i Noreg, og Areopagos er ein kristen frivillig organisasjon som er med på å arrangera retreat her i landet.
Kvile for kropp og sjel
– Kvar einaste dag blir vi bombarderte med inntrykk, impulsar og aktivitetar. Å skjerma oss for alle desse impulsane er noko av målet med retreat. På retreat lukkar vi døra litt til kvardagen og blir inviterte inn til stille, kvile og tidebøner.
Tidebøner vil seia faste bøner til faste tider kvar dag.
Bibelverset Markus 6.31 der Jesus seier: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt», er eit kjerneord for retreatfolket.
– Alle som kjem på retreat får ei tilvising til dette verset på velkomstarket, fortel Hegle.
– Guds nærvær
Retreatrørsla i Noreg voks fram på 1950-talet. Rørsla hentar impulsar både frå protestantisk, katolsk og ortodoks teologi. Ein viktig tanke hos den norske grunnleggjaren Edin Løvås (1920–2014) var at Guds nærvær er overalt og hos alle heile tida.
Hegle peikar på at denne tanken har røter heilt tilbake til kyrkjefaderen Augustin. Dei norske retreatstadene ønskjer å hjelpa folk til å oppleva dette gudsnærværet.
– Det er ikkje slik at Gud er meir til stades på retreat enn andre stader. Eg trur Gud er hos menneska heile tida, men det er ikkje alltid vi er til stades i oss sjølve slik at vi kan oppdaga eller erfara denne nærleiken. Rammene på retreat gjer at vi kan få hjelp til å rydda plass til å vera stille med oss sjølve. I denne stilla kan ein av og til kjenna på gudsnærværet sterkt og fysisk, seier Liv Hegle.
Dei klassiske retreata følgjer ein fast dagsrytme med vekt på faste bønetider, gudstenester og Jesus-meditasjon. Det er likevel ikkje nokon tvang at alle må vera med på dette.
– Det er full fridom til å bestemma om du vil delta på dette eller ikkje, men alle retreata vi arbeider med har ei kristen ramme, seier Hegle.
Ho har sjølv vore på retreat mange gonger og har hatt stort utbyte av det.
– Retreat har hjelpt meg til å halda saman det åndelege og det kroppslege og erfara at eg lever i Guds nærvær heile tida. Det er ikkje slik at eg går inn og ut av det åndelege. Eg er i Guds nærvær med heile livet mitt uansett om eg stryk kle, går på butikken eller gjer andre ting.
Stor variasjon
Hegle har inntrykk av at mange synest det er litt eksotisk med retreat, samtidig som mange er litt redde for det tause. Ho meiner derimot det ikkje er noko grunn til uro.
– Sjølv om det er snakk om tause eller halvtause retreat, betyr det ikkje at det er heilt stille. På eit retreat vil det alltid vera lydar og musikk.
Ho strekar også under at det er mange ulike typar retreat å velja mellom.
– Om du er redd for det tause, treng du ikkje starta med noko som er heilt stilt. Du kan til dømes byrja med eit temaretreat, eit musikkretreat, skiretreat eller fjellvandringsretreat. Variasjonen er stor. Det finst mykje forskjellig å velja mellom. Viss folk er nyfikne på det, er det ikkje vanskeleg å finna noko som kan passa, seier Hegle.
Til saman finst det 15 kristne retreatstader rundt om i Noreg som tilbyr faste retreat heile året. Dei fleste retreatstadane blir drivne på frivillig basis og er ganske små med plass til rundt ti menneske. Eit unnatak er Lia gård i Østerdalen som har over hundre sengeplassar.
Her tilbyr dei ei lang liste med ulike retreat. Dei siste åra har Lia Gård mellom anna arrangert eigne forfattarretreat om livet og litteraturen til Dostojevskij og Falkberget. Dei har også eigne strikkeretreat og retreat om draumearbeid. På begge desse er det ventelister. Familileretreata deira i påsken er også svært populære.
– Berre etter ein time etter at dei opnar for påmelding, kan det vera fullt, seier Hegle.
– Fyller nye behov
Presten trur retreat er med på å fylla nye behov hos moderne menneske.
– Folk har ofte sperrer for å kalla seg religiøse, men samtidig kan dei godt seia at dei er åndelege eller spirituelle, seier Hegle som leier dialogarbeidet med dei nyåndelege miljøa i Noreg, som Areopagos er engasjert i.
Ho peikar på at mange nordmenn kanskje ikkje har noko forhold til Den norske kyrkja, men at mange samtidig besøkjer kyrkjerom og store katedralar når dei er utlandet.
– Det er også mange som reiser til utlandet på retreat, seier ho og meiner interessa for å vera med på retreat er mykje større enn det besøkstala for dei 15 retreatstadane her i landet viser. Til saman hadde dei i fjor 3.841 besøkjande.
Hegle seier at det ikkje er snakk om dei store massane, men at oppslutnaden om retreat likevel aukar langsamt. Ho meiner difor retreat møter eit behov og er overbevist om at retreatrørsla har kome for å bli.
– Veldig mange av dei som kjem på retreat får lyst til å reisa tilbake. Det er kanskje nettopp difor retreat spreier seg. Dei som først har fått smaken på det, misser han ikkje og får stadig fleire med seg.