CRÊPE GIR NAUDHJELP: Åtte dagar med pannekakekafé har resultert i 179.000 kroner til kristent hjelpearbeid. Her er ei av initiativtakarane, Lisa Almås (23).
Privat
Lisa (23) sin ferietur til Alpane i 2014 har resultert i 179.000 kroner til kristent hjelpearbeid
– Vil føre folk nærmare Jesus, seier Lisa Almås, som har brukt åtte sommarferiar på å lage hagekafé til inntekt for KPK-Ukraina.
Éin dag, kvar sommar, samlar Lisa Almås (23) og søskenbarnet Heidi Byberg (22) mellom 150 og 200 personar i ein hage på Klepp.
Hagegjestene har to mål for auge:
Smake på dei franske dessertpannekakene til Almås og Byberg og å hjelpe vanskelegstilte i Ukraina.