Lovar kamp for kontantstøtte, friskular og abortgrense
Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) vil gjerne være verdikonservativ i etiske spørsmål.
Dagen republiser denne artikkelen på forsida dagen.no etter at Kjersti Toppe vart utnemnd til Barne- og familieminister,som inkluderer ansvaret for tro og livssyn.
Kraftig tilbakegang på meiningsmålingane har prega dei siste vekene for Senterpartiet.
– Vi var budde på at vi ville kome under åtak når vi vart så store på meiningsmålingane og vart ei stor kraft i debatten, seier Kjersti Toppe.
Førstekandidat for Sp i Hordaland er gjest i den nyaste episoden av Dagen-podkasten Tore og Tarjei.
Du kan lytte til podkasten her, eller der du brukar å lytte til podkast:
Atterhalden om nedtur
Forklaringar på tilbakegangen er ho likevel atterhalden med.
– Eg har ikkje så lyst til å snakke om det akkurat no, seier Toppe.
Ho trur det langvarige oppsvinget til Sp har vore resultat av at dei har vore det tydelegaste opposisjonspartiet, særleg i spørsmål om sentralisering.
– Dei sakene vi har vore tydelege på, har ikkje vorte dei store sakene i valkampen, seier ho.
Mot sentralisering
Toppe har site på Stortinget sidan 2009. Dermed har ho vore inne medan Sp har vore både i posisjon og opposisjon.
Ho vedgår at sentralisering er ein prosess som har føregått også med Sp i regjering.
– Eg seier ikkje at vi kan snu sentraliseringa, men vi kan gjere det enklare for folk å bli buande i distrikta, seier ho.
Ho meiner også at valkampen har gitt eit feil inntrykk av kva Sp står for, til dømes i miljø- og klimapolitikken. Der synest ho partiet ikkje har vore flinke nok til å få fram kva dei er for. I staden har det vore mykje snakk om kva dei er imot.
– Eg hadde aldri vore med i Senterpartiet om vi ikkje hadde ein god miljø- og klimapolitikk, seier Toppe.
Kamp for kontantstøtta
Legen Toppe er seksbarnsmor og har sjølv gjort seg bruk av kontantstøtta. På raudgrøn side er Sp åleine om å ville vidareføre ordninga.
– Bør dei som skal bli foreldre eller vurderer å bli gravide, leggje til grunn at denne ordninga fell bort i 2022?
– Viss det blir regjeringsskifte, blir det Senterpartiet som får ansvaret for å kjempe for denne. Eg vil ikkje kapitulere enno, seier Toppe.
Sterkare overtyding
Ei fersk undersøking utført av Respons for tankesmia Civita viser at unge er mest kritiske til å skrote ordninga, ifølgje Vårt Land.
Tidleg i august viste ei anna meiningsmåling at eit fleirtal av dei spurde vil vidareføre ordninga. Denne var uført av Sentio for Klassekampen.
– Det er dei yngre som får barn. Vi må lytte til dei, seier Toppe.
Ho registrerer at det er blitt «nærast eit hat» mot kontantstøtta i ein del politiske miljø.
– Eg er blitt meir og meir for kontantstøtta.
Ho meiner dei politiske partia «må ta ein runde med seg sjølve» om ordninga.
Mest tru på Ap
Ein vanleg kritikk frå høgresida er at venstresida vil gi staten meir makt og familiane mindre valfridom.
Toppe avviser likevel at ho ser det som eit dilemma at Sp har knytt seg til venstresida, noko som historisk er relativt nytt.
– I det store biletet tenkjer eg vi får best utteljing ved å samarbeide med Arbeidarpartiet, seier Toppe.
Ho meiner partiet viste det med regjeringssamarbeidet frå 2005 til 2013.
Med tanke på kontantstøtta viser ho til at også Høgre har vedteke å fjerne denne, medan Framstegspartiet vil gjere nokre innstrammingar.
Forsvarer friskular
På venstresida har det også kome tydelege signal om innstrammingar for friskulane, mellom anna ved kommunal vetorett mot at slike skal bli oppretta.
– Kva kan du love på dette feltet?
– Vi står jo bak den opphavlege friskulelova som sa at det skal vere fullt mogleg å opprette skular basert på livssyn eller alternativ pedagogikk, understrekar Toppe.
Samstundes er ho tydeleg på at Sp er imot kommersielle skular, som ein særleg har sett fleire av på vidaregåande nivå i byane.
– Stolt verdikonservativ
I vinter fekk Toppe livsvernprisen frå organisasjonen Menneskeverd. Grunngivinga var hennar «langvarige og respektfulle engasjement for menneskets verdi i alle faser av livet».
– Korleis vurderer du interessa for å diskutere etiske sider ved den medisinske utviklinga?
– Det vert vanskelegare og vanskelegare, seier ho.
Særleg er ho skuffa over SV og Framstegspartiet.
– Eg er stolt av å vere verdikonservativ i desse spørmsåla. Det trengst verkeleg, seier Toppe.
Ho fortel at ho ofte får tilbakemeldingar frå folk som er samde med henne i sak, men synest det er vanskeleg å stå i debatten.