DET OVALE KONTOR: President Donald Trump samla dei kristne leiarane rundt skrivebordet i Det ovale kontor.

Lovsongsleiarar gjesta Trump i Det kvite hus

Den australske pastoren Brian Houston og ei rekkje amerikanske kristne artistar bad for den amerikanske presidenten.

Publisert Sist oppdatert

Medan striden om riksrett mot Donald Trump er det i amerikansk politikk som opptek dei fleste media mest, tok presidenten fredag i førre veke imot rundt 50 kristne leiarar. Trump sa til dei at han treng forbøn meir enn nokon gong, ifølgje Fox News.

MØTTE PENCE: Visepresident Mike Pence helste også på dei kristne leiarane som kom til Det kvite hus førre fredag.

– Alle vi 50 stappa oss saman i Det ovale kontoret. Han sat ved skrivebordet sitt og sa: Be for meg, seier Sean Feucht. Han er lovsongsleiar i Bethel Music i California. Fleire nordmenn har i ein del år hatt kontakt med denne kyrkjelyden i Redding, mellom anna som bibelskuleelevar der.

– Vi la berre hendene våre på han og bad for han. Det var verkeleg intens, ekte bøn. Det var så vilt, seier Feucht ifølgje Fox News.

Ønskjer sterkt USA

På Instagram har Feucht lagt ut ein videosnutt som viser lovsongsleiarar som syng, spelar gitar, fiolin og cello, og ber høglydt med løfta hender og klapping inne i Det kvite hus. Under denne sekvensen er ikkje Trump til stades, etter videoen å døme.

Møtet var organisert av Paula White-Cain. Tv-predikanten frå Florida er blitt kjend som Trumps personlege pastor. Nyleg fekk ho ansvar for å leie arbeidet Det kvite hus driv for å fremje dialog og samarbeid med religiøse organisasjonar og fellesskap.

Fleire gonger tidlegare har Trump teke imot kristne leiarar. Denne gongen var det også med ein prominent gjest frå utlandet.

– Som australiar trur eg at vi treng eit sterkt Amerika i verda, og når Amerika er sterkt, er verda ein betre stad, seier Brian Houston i ein video på Twitter-kontoen til Det kvite hus.

– Ei stor ære

Pastoren er grunnleggjar av den moderne karismatiske Hillsong-rørsla. Han rosar arbeidet som blir gjort for å fremje trusfridom og gler seg over stemninga i Det kvite hus «der menneske ser optimistisk på framtida».

Houston kallar det ei stor ære å kome inn Det ovale kontor for å be for presidenten i USA.

– For meg handlar det ikkje om politikken. Det handlar om posisjonen. Og ein betydeleg mann som presidenten i USA har bruk for all den forbøna vi kan gi han, seier pastoren.

Ser Guds finger

Ekteparet Kari Jobe og Cody Carnes, som er busette i Nashville i Tennesse og kjende lovsongsleiarar i USA, fortel i ein Twitter-video at dei vart oppmuntra av besøket.

– Det som rørte meg mest, var korleis alle var så opptekne av å vere sikre på at vi forandrar livet for menneske og at vi ikkje overser dei som er blitt marginaliserte og utsette for menneskehandel. Dei arbeider for å få slutt på og forandre dette, seier Jobe.

– Eg er så takksam for å ha vore med på dette i dag og for å sjå kva Gud gjer i Det kvite hus, legg ho til.

Garanterer trusfridom

Visepresident Mike Pence deltok også under besøket.

«Vedunderleg å vere innom eit møte for lovsongsleiarar i dag i Det kvite hus», skriv Pence på Twitter.

«Amerika er ein stolt nasjon av truande, og administrasjonen vår vil alltid forsvare trusfridomen for alle amerikanarar, av alle trusretningar», held han fram.

Powered by Labrador CMS