ANDRE BESØK: Benjamin Netanyahu (t.v.) var måndag i Det ovale kontor hos Donald Trump for andre gong i år.
AP / NTB
Måling: Fleirtal i USA har eit ufordelaktig syn på Israel
På tre år har det vore ei tydeleg endring i den amerikanske opinionen.
Denne veka besøkte Israels statsminister Benjamin Netanyahu Det kvite hus for andre gong etter at Donald Trump vart president igjen i januar. Netanyuhu har sagt at Trump er den beste venen Israel nokon gong har hatt i Det kvite hus.
Markant skifte
Ei fersk meiningsmåling frå Pew Research Center viser at færre amerikanarar opplever at konflikten mellom Israel og Hamas er viktig for dei på eit personleg nivå. For eit år sidan galdt det 65 prosent, no gjeld det 54 prosent.