Markerer dag for unådde folkeslag
Norea Mediemisjon arrangerer markering for unådde folkeslag i samband med pinsehelga den 19-20. mai. Markeringa vil føregå i Q42-huset i Kristiansand.
I fjor var første gongen denne markeringa vart arrangert. Og i år går kollekten til samarbeidspartnaren Troens Bevis og deira arbeid i Kina.
Harald Endresen, informasjonsleiar i Norea Mediemisjon, seier samlinga hadde 800 vitjande i fjor.
– Søkelys på dei unådde
– Det er svært gøy. Vi trur at fleire vil vere med i år ettersom Filadelfia Kristiansand og Vennesla er med. Det er også svært mange kyrkjelydar som støttar opp om markeringa i år, seier han.
Endresen påpeikar at det enno er rundt 7000 folkeslag som ikkje har høyrt om Jesus. Han vonar folk vil vere med på å setje søkelys på dei unådde, samt verte styrkte i trua si og feire pinsehøgtida.
USA-konsept
Markeringa er basert på det amerikanske konseptet «Alliance for the Unreached».
– Trans World Radio (TWR), ein av samarbeidspartnarane våre i USA, sende oss ein info-mail om den amerikanske versjonen av prosjektet. Vi tenkte det var ei glimrande sak vi kunne henge oss på. Vi kontakta Filadelfia. Dei var oppglødde over prosjektet og ville vere med.
Predikantar som skal tale under møtehelga er mellom andre Elin Linde Fagerbakke frå Salem og Rune Edvardsen.