Markerer to jubileum under Israel-stemne
Den moderne staten Israel er 70 år, men det er også bladet Sjibbolet. Til helga møtest Israelsvennene til stemne.
– Vi vil markere at den moderne staten Israel er 70 år. Og det gjer vi i samanheng med at bladet Sjibbolet no er like gamalt, seier Jon Erling Henriksen, reisesekretær i Norske Pinsevenners arbeid i Israel (NPAI).
Stemnet vil føregå på Sagavoll folkehøgskule på Gvarv i Telemark. Laurdag ettermiddag held tidlegare stortingsrepresentant for KrF, Hans Olav Syversen, føredrag om antisemittisme. Fleire innleigde forkynnarar skal tale under møta, og det vert også bibelundervisning, lovsong og nattverd. Songgruppa Laudate opptrer på laurdagen.
Tverrkyrkjeleg
– Stevnet vart arrangert ein del år før eg byrja å engasjere meg. I starten vart det halde i Haugesund.
Då hadde stevnet rundt 20–30 gjester, ifølgje Henriksen. Dei siste åra har det variert mellom 300–600 gjester. Stevnet vert drive som eit tverrkyrkjeleg arbeid, der fundamentet ligg i den norske pinserørsla.
– Vi har gradvis ekspandert og flytta møteplassen, som følgje av plassmangel til gjester vi har fått fleire av opp gjennom åra. Først flytta vi stevnet til Seljord folkehøgskule i Telemark, og deretter Sagavoll folkehøgskule på Gvarv. Og mange av gjestene er knytt til arbeidet vi driv i Israel.
Mentalsjukehus i Israel
Henriksen seier det er eit sosialrelatert arbeid NPAI driv. Dei hjelper naudtrengjande og fattige menneske.
– Vårt engasjement er knytt til Jerusalem Mental Hospital, der vi mellom anna har bygd symjebasseng, zoologisk hage, terapihus, og gymsal. Kollekten frå stemnet og alt av overskot går til mentalsjukehuset i Jerusalem.
På programmet for stemnet står bibemtimar og undervisning sentralt. Henriksen trur den delen vil verte den sterkaste opplevinga for gjestene. Forkynnar Charles Hansen er med i år, men han har ikkje antyda tema for undervisninga, ifølgje Henriksen.
Vitjing frå Israel
– Vi har stort sett positive røynsler frå tidlegare stemner. Folk likar seg godt. Ein god del av gjestene kjem frå distrikta, der hovudtyngda kjem frå sørvestlandet.
Stemnet plar få besøk frå Israel kvart år. I tillegg kjem representantar for den israelske ambassaden i Oslo. Temaet Israel er det som hovudsakleg trekkjer folk til stevnet.
– Har du eit minne du hugsar godt frå tidlegare stemner?
– Eg har fleire minne, men for meg er det spesielt med vitjing frå Israel. I fjor gjesta vi lækjarar frå sjukehuset. Dei fortalde historier derifrå og yttrykte stor takksemd over vårt engasjement og måten vi velsigner Israel på.