AVHENGIG: Mattias Braut var avhengig av dataspel på ungdomskulen og vidaregåande. I dag held han foredrag for foreldre som er uroa for borna sine.

Mattias (25) var dataspelavhengig: – Foreldre og barn må sette grenser saman

Ekspert på dataavhengnad meiner at ein bør bruke tida fram til juleferien med å sette grenser for skjermtid. Det er mykje enklare i fredstid.

Publisert Sist oppdatert

Om få dagar er det juleferie for norske barn og ungdomar. Dei kan sjå fram til lange innhaldslause dagar som kan fyllast med kva dei vil. Statistisk sett vil mange tilbringe dei framfor ein skjerm.

Svar frå «Ungdata»-undersøkinga som forskingsinstituttet NOVA gjorde i 2019 viser at 34 prosent av elevar på ungdomstrinnet brukar meir enn fire timar framfor ein skjerm på ein vanleg kvardag. På vidaregåande aukar talet til 36 prosent.

Vart avhengig

Mattias Bruns (25 år) frå Stavanger var avhengig av dataspel i ungdomstida. Det begynte det då han oppdaga bilspel tidleg på barneskulen. På ungdomsskulen mista han derimot kontrollen over spelinga etter har han vart med på eit handballag.

– Nesten alle på laget spelte World of Warcraft. Det vart på ein måte å bli kjend med dei andre. Etterkvart vart det så gøy å spele at eg droppa resten, seier han.

– Eg tenkte heile tida på kva eg skulle gjere i spelet, og det tok det meste av tida og tankane mine. Eg vart ofte sein i seng og gløymte å ete, samstundes som konsentrasjonen min på skulen vart dårlegare.

– Korleis fekk du kontroll på spelinga?

– Eg reiste på utveksling til Afrika og budde der eit år. Der var det ikkje så mykje internett. Då eg kom heim begynte eg på folkehøgskule, og der var det så mykje kjekke ting som skjedde at pc-en ikkje lenger fekk førsteprioritet.

Flukt frå røynda

I dag er Bruns utdanna sosionom og jobbar som miljøterapeut ved ein kristen ungdomskule i Stavanger. Etter at Stavanger Aftenblad fortalte historia hans i mars, har han blitt kontakta av ungdomar frå heile landet som ynskjer råd.

Han meiner at vi våge å snakke om spelkulturen og ta den på alvor.

– I spela var eg i ein eigen verden kor eg kunne vere den personen eg ikkje følte at eg var i dagliglivet. Det trur eg mange kjenner på. Du får ein «fresh» start.

Veldig vanleg

Psykologspesialist Gaute Godager kjem sjølv frå spelbransjen, og var ein av grunnleggjarane bak spelselskapet Funcom. Dei siste 15 åra har han brukt å hjelpe born som slit med dataspelavhengnad.

Han seier at han ofte vert kontakta av uroa foreldre og ungdomar som har mista kontroll.

– Vi veit at 95 prosent av alle gutar spelar dagleg når dei er mellom 10 og 18 år. Dei aller fleste spelar, og dei som ikkje gjer det er sett på som veldig rare. Mellom ein og to prosent sliter med spelinga, og ein halv prosent er rekna som avhengige.

Godager seier at det er spesielt to ting som spelar inn på om ein klarer å kontrollere spelinga.

– For det første har gutar vanskelegare for å styre speletida. I tillegg er det slik at jo yngre barnet er, jo vanskelegare er det å styre. Andre faktorar som mobbing, ADHD, dysleksi eller vanskeleg heimesituasjon, aukar også sjansane for at ein begynner å slite.

Foreldre er uroa

Godager har i ei årrekkje haldt foredrag for foreldre om skjermbruk. Han meiner at mange er fornuftige

– Det er utruleg mange foreldre som er uroa, og det synest eg at dei skal få lov til å vere. Mange foreldre er gode på å handtere dette. Eg merkar at mange har utruleg mykje kompetanse, og mange av dei sit også i skjermklisteret sjølv. Det er mykje meir forståing for kor vanskeleg det er.

– Kva vil du seie til foreldra som fryktar at borna skal bli sitjande på romet og spele dataspel i juleferien?

– Det er viktig at dei diskuterer reglar før juleferien begynner. Det er mykje enklare å innføre reglar i «fredstid». Heime hos oss har vi skjermfri tid kvar dag, men eg har ulike reglar for 18-åringen og ti-åringen. Eg anbefalar å lage reglar utifrå kor sårbart barnet er, og at du stoler på deg sjølv som forelder. Viss du meiner at det er nok skjerm, så er det nok.

Sett av tid

Dette er Mattias Bruns samd i. Han oppfordrar også foreldre til å legge bort sine eigne skjermar i jula.

– I fjor sette vi opp eit skjema for når vi kunne bruke mobilen og pc-en, og vi hadde vi alltid brettspel lett tilgjengeleg. Å fjerne skjermane er totalt feil måte å gjere det på. Du må avgrense det og ta tid til familien. Ikkje forvent at barnet skal vere saman med foreldra når dei sit med telefonen eller avisa. Då vil dei heller gå og spele, seier Bruns.

Skjermtid blant unge

Ungdata-undersøkinga som forskingsinstituttet NOVA gjorde i 2019 viser at 34 prosent av elevane i ungdomskulen brukar meir enn fire timar framfor ein skjerm kvar dag.

Frå 8. trinn til 10 trinn aukar andelen med meir enn tre timar skjermtid med ti prosent blant gutane og tolv prosent blant jentene.

I juni 2019 vedtok Verdens Helseorganisasjon at «gaming disorder» er en offisiell psykisk sjukdom.

Powered by Labrador CMS