Med Jesus mellom dei mektige

Dokumentarserie på Netflix set kritisk søkelys på det kristne nettverket «The Family» som vart starta av ein norsk emigrant. Sympatisørar meiner serien er konspirasjonsteoretisk.

Publisert Sist oppdatert

For norske sjåarar, og ikkje minst lesarar av Dagen, er nettverket «The Family» lettast å forbinde med Den nasjonale bønefrukosten i Washington. Denne vert arrangert den første torsdagen i februar kvart år. Sidan starten i 1953 har den sitjande amerikanske presidenten vore sjølvskriven som deltakar.

I 2012 var eg i Washington D.C og dekte dette arrangementet for Dagen. Høvet var at bønefrukosten var arrangert for 60. gong. Elles har eg skrive om arrangementet på avstand fleire gonger, seinast i år.

Initiativet har spesielle band til Noreg. Bønefrukosten vart starta av den norske emigranten og metodistpresten Abraham Vereide frå Gloppen i Nordfjord. Då Vereide døydde i 1969, var det medarbeidaren Doug Coe som tok over. Eg møtte Coe i Washington. Men det var ikkje først og fremst journalistar frå små aviser i små land han stod i kontakt med.

Då Coe døydde i februar 2017, vart det påpeika at det knapt er nokon som har treft så mange verdskjende menneske og samstundes halde seg så anonym. Netflix-serien viser sekvensar der han vert hylla av presidentar som Jimmy Carter, Bill Clinton og George H. W. Bush. Sistnemnde trekkjer fram betydninga av Coes «stille diplomati».

Strategien til Coe gjorde han kontroversiell på fleire hald. For han var ikkje det interessante å byggje ein organisasjon, men eit nettverk av vener. Han gjorde «The Family», som også vert omtalt som «The Fellowship» og «The International Foundation», mindre synleg enn nettverket hadde vore under Vereide. Då hadde namnet vore «International Christian Leadership».

PÅ VERS: Doug Coe møtte menneske på tvers av politisk og religiøs ståstad. Her er han saman med den demokratiske presidenten Jimmy Carter.

Det var også eit sentralt poeng for Coe at verken nettverket eller bønefrukosten skulle vere spesifikt kristent. Ein samla seg om Jesus frå Nasaret og prinsippa hans. Coe viste til Jesu ord i Johannesevangeliet: «Og når eg blir løfta opp frå jorda, skal eg dra alle til meg».

Han meinte det viktige var at menneske vart Jesus-etterfølgjarar, ikkje at dei slutta seg til eit bestemt trussamfunn. «Jesus pluss ingenting» er ei formulering som stadig kjem igjen i serien. Dei kritiske vil meine at dette i praksis kan bety «Jesus minus mange ting».

Hovudfiguren i serien er forfattaren Jeff Sharlet. Allereie i 2008 gav han ut boka «The Family. The Secret Fundamentalism at the Heart of American Power». Denne bestseljaren las eg i samband med USA-besøket i 2012.

Innhaldet i serien går mykje langs dei same linjene som i boka, men er også oppdatert fram til i dag - inkludert tida etter Donald Trump. Sharlet beskriv det slik at han nærast snubla inn i Ivanwald, eit bufellesskap for unge menn som The Family eig i utkanten av Washington DC.

Sjølv hadde ikkje Sharlet nokon avklart kristen ståstad, men reagerte på fleire sider ved verksemda og det som vart formidla av Coe og andre. Deler av det han reagerer på er ikkje nødvendigvis særleg oppsiktsvekkjande eller dramatisk frå eit kristent «innanfrå»-perspektiv. Men bøn og åndeleg fellesskap kan tydelegvis framstå som eit dekke for maktspel og skjulte intensjonar.

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) sa at det var eit stort tap då Coe var død.

– Gjennom direkte samtalar og ved deltaking i bønegrupper kjende eg på omsorg og støtte i dei posisjosnane eg har hatt. Hans sterke fokus på Jesus har vore ein inspirasjon, sa Bondevik til Dagen.

Folk som elles kunne stå rakt imot kvarandre, kunne stå saman om å hylle Coe. Til dømes gjorde både Hillary Clinton og evangelist Franklin Graham dette.

Men Sharlet meiner det under eit åndeleg språk føregår eit spel med makt og pengar som ikkje toler dagens lys. Coe la aldri skjul på at han møtte kven som helst, uavhengig av kva dei var skuldige i eller ansvarlege for. Ofte siterte han ordet til apostelen Paulus om at han skulle løfte fram Jesu namn også for kongar. Det låg i arven frå Vereide at ein skulle møte leiarar uavhengig av kor mange svin dei hadde på skogen. Coe vart skulda for å stå i leietog med ytterleggåande krefter både på høgresida og venstresida.

– Ein av grunnane til at det kom så mange skuldingar om at han heldt seg inne med diktatorar, var at folk ikkje forstod kva arbeidet hans gjekk ut på. Han sa ofte at jo større skurken er, jo betre er det. Jesus kom ikkje for dei som hadde alt på stell, sa tidlegare stortingsrepresentant Lars Rise (KrF) til Dagen etter at Coe døydde i 2017.

MEDIESKY: Doug Coe heldt seg stort sett unna søkjelyset til media og gav nesten aldri intervju.

I tv-serien er Rise intervjua. Han er også filma då han følgde Coe i audiens hos kong Harald i 1998.

– Eg hugsar då han kom frå Slottet i 1998. Då hadde kongen vist at han kjende heile historia om Abraham Vereide og kva påverknad han hadde hatt på leiarskapen i USA, sa Rise til Dagen i 2017.

Filmklippet viser at Coe såvidt er ute på balkongen på slottet. Etterpå snakkar han med born på Slottsplassen. Han fortel at vi er heldige i Noreg fordi vi har kongar som kjenner Jesus. Coe var igjen i audiens på slottet i 2008. I 2004 skreiv Dagbladet kritiske artiklar om «The Fellowship» og kontakten KrF-politikarar hadde med nettverket.

«Bondeviks mektige brorskap» var tittelen på ein av artiklene. I 2002 skaffa Lars Rise invitasjon til Den nasjonale bønefrukosten til heile utanrikskomiteen i samband med at dei var i Washington D.C. Dåverande SV-leiar Kristin Halvorsen karakteriserte det overfor Dagbladet som ei absurd oppleving.

– Eit samfunn feirar seg sjølv, sa Inge Lønning frå Høgre til den same avisa.

Serieskaparane og andre som er intervjua i Netflix-serien stiller seg kritiske til om verksemda til Coe og andre i «The Family» eigentleg har gagna dei fattige og svake, eller om ho heller fremjer interessene til rike, mektige og kristenkonservative. Frå konservativt kristent hald har somme skulda Coe og «The Family» for å ha ein ullen teologi.

Denne dimensjonen er til ei viss grad også tematisert i serien, men først og fremst ut frå at diktatorar kan late som at det er flott med Jesus så lenge dei kan leggje kva dei vil i å følgje han - og dermed berre halde fram som før.

I Washington Post har den kristne historieprofessoren John Fea skrive ei melding om serien. Han meiner konsentrasjonen ligg på det mange vil sjå som dei mørke sidene ved Coe og «The Family». Fea spør om kjernen ved verksemda, trass problematiske og diskutable trekk, rett og slett er at menneske kjem saman i små grupper for å hjelpe kvarandre til å følgje Jesus. Dette synest han serieskaparane verkar lite interesserte i å få fram.

Den amerikanske pastoren og forfattaren Jeff Lucas meiner serien har eit konspirasjonsteoretisk preg. Han meiner fine kristne menneske vert omtalte på ein ufortent ufordelaktig måte, og at kristen påverknad vert framstilt som noko vondskapsfullt, ifølge ei melding publisert av britiske Premier Christian Media.

Serien vil utan tvil heve temperaturen ytterlegare i debatten om tilhøvet mellom kyrkje og stat, og kristen påverknad i politikken, i USA. Men innhaldet vil vere av interesse også for mange nordmenn.

Powered by Labrador CMS