ERNA: Dataspel er populært, ikkje bare mellom ungdomar. Her er det statsminister Erna Solberg (H) som tidlegare i år viser fram såkalte VR-briller i samband med eit arrangement for norsk industri. VR-briller er noko som har vore utbreitt blant «gamerar», men som industrien også tek i bruk.

Meiner at dataspel har eit ufortent dårleg rykte

Forskar fortel at dataspel er eit av dei beste læringsverktya, og bemanningsbyrå seier at tusenvis har kome ut i jobb på grunn av ein «gaming-CV».

Publisert Sist oppdatert

Måndag denne veka fortalte Dagen om Mattias Bruns frå Stavanger som vart avhengig av dataspel på ungdomsskulen. Han meinte at foreldre måtte ta seg tid til å sette seg inn spela til borna sine.

Fleire meiner no at dataspel må bli sett på som ein ressurs, og ikkje eit meiningslaust tidsfordriv. Aktørar på ulike nivå i samfunnet tek i bruk ny teknologi, anten det er skule eller jobbsøking.

Beste læringsverkty

Førsteamenuensis ved Nord Universitet, Helga Dis Isfold Sigurdardottir, forskar på spelbasert læring, og effekten det har på elevar og lærarar.

Barne- og ungdomskular brukar no dataspel i undervisninga, og fleire vidaregåande skular har teke e-sport inn i idrettslinjene.

Ho seier at all forsking tilseier at dataspel verkar positivt på elevane sin læring.

– Vi ser at gaming får ein større plass i skulen. Forsking viser at bruken av dataspel i undervisninga har auka, og vi ser at spel er eit såpass effektivt læringsverkty at det er nesten uunngåelig at det blir brukt i større grad.

– Meiner du at dataspel bør få ein større plass i skulen?

– Eg ser ingen grunn til å avgrense databruk i skulen, så lenge lærarane får tilstrekkeleg tid og ressursar til å sette seg inn i spel og digitale medie. Dersom det er på plass, er det berre å køyre på, men vi må ikkje ha urealistiske krav til lærarane, seier Sigurdardottir.

Haldningsendring

For eit år sidan starta bemanningsselskapet Manpower ein kampanje kor dei oppfordra unge til å fylle ut erfaring frå dataspel på cv-en.

Kommunikasjonsdirektør i Manpower, Sven Fossum, seier til Dagen at rundt 8000 personar har laga ein «gaming-CV», med over sikt over prestasjonar i ulike spel, og at mange av dei no er i jobb.

– Vi ser at det har skjedd ei haldningsendring dei siste åra. Det har blitt veldig mykje positiv omtale av «gaming-erfaring», der det tidlegare har vore veldig mykje negativ omtale med fokus på frustrerte foreldre.

Han fortel at spelinga utviklar ferdigheiter som arbeidsgjevarane er veldig interessert i. Mellom anna fortel han om ein ungdom i Trøndelag som fekk jobb som prosessoperatør fordi han hadde erfaring med å spele med fleire skjermar.

– Det er mykje som kan overførast frå avanserte dataspel til arbeidslivet. Du må vere god til å samarbeide, kommunisere, planlegge og mange andre ting som har direkte relevans, seier Fossum, som legg til:

– Vi seier ikkje at spelerfaring skal overta for normal kompetanse, men for unge menneske med ein tynn CV kan det vere noko som gir eit tydelegare bilete av kandidaten. Vi meiner at spel må bli sett på som eit frivillig engasjement på linje med korps eller idrettslag.

Ufortent dårleg rykte

Professor i medievitskap ved Høyskolen Kristiania, Faltin Karlsen, meiner at spel som medium har hatt eit ufortent dårleg rykte, men at det no er i endring.

– Eg synst ikkje at norske medier er dominert av folk som er veldig bekymra for spel i forhold til korleis det var på nittitalet. Då meinte mange at spel som GTA og Carmageddon forherlega vald og påverka negativt. Slike utsegn ser du ikkje like mange av i dag.

Han meiner at det framleis er vaksne som kritiserer valdsbruken i spel, og at dei sjeldan setter seg inn i innhaldet.

Karlsen viser mellom anna til debatten som gjekk tidlegare i år etter at eit videoklipp frå western-spelet Red Dead Redemption II begynte å sirkulere på nettet.

I klippet bant hovudkarakteren ei kvinne fast med tau og mata henne til alligatorar, og både forskarar og feministar utrykte bekymring.

Karlsen meiner at det er eit døme på at det er eit alt for stort fokus på vald i den offentlege samtalen om spel.

– Det var ikkje sjølve spelet som vart diskutert, men ein tok fatt i ein liten del av spelet som er valdeleg. Det gjer at debatten får eit for snevert fokus, men vi ser stadig mindre av slike utspel.

– Bør foreldre la speluniverset vere ei frisone for borna deira?

– Det er vanskeleg å seie noko enkelt om det. På ein måte treng born, og særleg ungdom, soner kor dei kan gjere sine eigne ting, men samstundes er det viktig med engasjerte foreldre. Til sjuande og sist er det foreldra som har ansvar for ungane sin mediebruk, seier Karlsen.

Born sine spelvanar

96 prosent av gutane og 63 prosent av jentene spelar.

Blant jentene aukar andelen med alder, medan gutane er over 90 prosent uavhengig av alder.

Dei vanlegaste spela er FIFA, Minecraft, Overwatch, GTA og Call of Duty.

Barn og medier-undersøkelsen 2018, Medietilsynet.
Powered by Labrador CMS