Meiner jødar som røystar på Demokratene, hatar Israel og religionen sin
Donald Trump legg seg ut med eit klart fleirtal av jødane i USA.
Utspelet frå den tidlegare presidenten og venta presidentkandidaten kom i ein podkast på måndag.
– Einkvar jødisk person som røystar på Demokratane, hatar religionen sin. Dei hatar alt ved Israel, og dei bør skamme seg over seg sjølve, sa Trump i intervjuet med sin tidlegare politiske rådgivar Sebastian Gorka.
Intervjuet er referert i ei rekke medium, mellom anna Times of Israel og jødiske The Forward i USA.
Skulda for stemmefiske
Trump kritiserte Israel for forsøk på å oppretthalde banda med Det demokratiske partiet. Det meiner han er «svært dårleg for Israel».
Sist veke fekk det merksemd at den demokratiske majoritetsleiaren i Senatet, Chuch Schumer, tok til orde for å framskunde eit val i Israel for å skifte ut Benjamin Netanyahu som statsminister.
Trump skuldar Schumer, som sjølv er jøde, for å vende seg mot Israel for å vinne røyster.
– Å gjere Israel til ei partisak skadar berre Israel og forholdet mellom Israel og USA, kontrar Schumer.
Det kvite hus slo også tilbake mot Trump. Biden-administrasjonen åtvarar om at utsegnene kan føre til vald mot jødar. Antisemittiske hendingar har allereie auka i USA etter terroråtaket på Israel 7. oktober i fjor og den følgjande krigen.
Klart demokratisk fleirtal
Amerikanske jødar har tradisjonelt røysta overveldande demokratisk. Nesten sju av ti røysta på Biden i 2020. Det samsvarar med nivået som har vore dei siste tiåra, ifølgje Jewish Virtual Library.
Det bur rundt 5,8 millionar vaksne jødar i USA, som utgjer 2,4 prosent av befolkninga. I Kongressen er 6 prosent jødar, og dei fleste av desse 33 politikarane er demokratar.
Trump la stor vekt på å markere støtte til Israel som president. Han flytta også den amerikanske ambassaden i landet til Tel Aviv, som fleire av forgjengarane hadde lova at dei ville gjere.
– Må løyse problemet
Tidlegare denne månaden var Trump intervjua om krigen på Fox News. Der ville han ikkje gå inn for våpenkvile.
– Du må løyse problemet. Det var ein forferdeleg invasjon. Den fann stad. Det ville aldri ha skjedd dersom eg var president, forresten, sa han om Hamas-åtaket i fjor.
Han meiner forklaringa på at det skjedde, er at Biden vart for «soft».
Dersom Trump vinn valet i november, varslar han at han vil be Netanyahu fullføre krigen raskt og «kome tilbake til freden i verda».
– Ærekrenkande
Utspelet til Trump har vekt sterke reaskjonar.
«Å skulde jødar for å hate religionen sin fordi dei kanskje vil stemme på eit bestemt parti, er ærekrenkande og openbert falskt. Seriøse leiarar som bryr seg om den historiske alliansen mellom USA og Israel, burde leggje vekt på å styrke heller enn å oppløyse, tverrpolitisk støtte for Staten Israel, skriv leiar Jonathan Greenblatt i den jødiske organisasjonen Anti-Defamation League på X/Twitter.