Meiner sexkjøp, cannabis og aktiv dødshjelp bør vere lovleg
- Menneske er fødd fritt og har sjølvstendig verdi.
I går lanserte Venstre-politikar Sveinung Rotevatn si første bok «Liberalisme på norsk», der han legg fram sine synspunkt på ei rekke saker, fundert på liberale grunnverdiar.
- Menneske er fødd fritt og har sjølvstendig verdi. Det har rett til liv, ytringsfridom, eigedom og privatliv, sa Rotevatn under ein diskusjon om boka på tankesmia Civitas frukostmøte i Oslo.
Journalist Kjetil Wiedswang i Dagens Næringsliv kalla boka eit manifest for Rotevatns meiningar. Sjølv kallar forfattaren det ei debattbok, som han vonar vil inspirere og irritere.
Tillate det ein mislikar
I boka skriv den tidlegare leiaren for Unge Venstre at han vil opne for å innføre surrogati, eggdonasjon, tvillingabort, cannabis, aktiv dødshjelp og sexkjøp. Rotevatn vil ha eit drastisk skilje mellom stat og kyrkje, og vil skulegudstenester og monarkiet til livs. For å nemne noko.
Overfor Dagen understrekar stortingsrepresentanten at han ikkje sjølv ville ha nytta seg av alt saman dersom det blei lovleg.
- Eg har aldri brukt narkotika, aldri røykt ein sigarett ein gong. Det betyr ikkje at eg vil forby tobakk. Som liberalar forsøker eg å skilje mellom det eg misliker og det eg vil forby. Det som direkte skadar andre menneske og andre menneskes fridom, bør vere forbode, seier Rotevatn.
Færre reglar
Han synast det er spennande å ikkje skugge unna verdidebattar og liv/død-spørsmål, sjølv om det er vanskelege saker.
- Eg prøver å finne fram til ei tenking som legg vekt på omsynet til individet, og som kan vere konsekvent. Eg er oppteken av at enkeltindividet må kunne ta eit informert val sjølv om det kan ha negative konsekvensar for den einskilde.
Vidare meinar Rotevatn at staten ikkje skal stå for forvalting av moralen.
- Det er ikkje slik at all moral må inn i straffelova. Eg er litt redd for at om vår etikk og moral skal lovfestast og gjelde for alle, så mister ein kanskje det moralske ansvaret som borgarar og sivilsamfunn sjølv har til å ta stilling til etiske spørsmål.
- Vil du ha moralen ut av lovverket?
- Nei, men eg vil ha paternalisme ut av lovverket, det at du skal lovregulere noko fordi du meiner det er bra for andre, sjølv om det ikkje går ut over andre. Det handlar om grensene for staten. Men å ta val som berre går utover meg sjølv eller er til glede for meg sjølv, det må eg kunne gjere.
Rusproblemet
Rotevatn peikar på at mange forbod ikkje har vist seg å fungere så godt, som at sexkjøpsloven ikkje har stansa prostitusjon. Han manar folk til å erkjenne at politikk har sine grenser.
- Men til dømes det å vere avhengig av narkotika vil jo skade både ein sjølv og menneske rundt ein?
- Ja, det same gjeld alkohol, tobakk og usunn livsstil. Vi kan ikkje bruke det som ei prinsipiell grense, at folk vil oppleve andres val som ubehagelege. Det må gå direkte ut over dei. Akkurat rusmisbruk innser eg at er eit kjempeproblem som samfunnet har ansvar for å hindre. Men så er spørsmålet om det vi har gjort i Noreg har fungert, når vi har dei høgaste overdosetala i Europa, seier Rotevatn.
- Men ein kan ikkje berre gjere ting lovleg fordi forbod ikkje har fungert?
- Ein kan i alle fall ikkje forby ting av prinsipp sjølv om forbodet ikkje fungerer.
Vanskeleg bioetikk
- Mange forbod har gjerne grunnlag i kristen etikk eller konservatisme. Ønskjer du med ditt sekulære utgangspunkt å kaste den kristne arven på båten?
- Nei, slett ikkje. Eg har stor respekt for religion og for folk med religiøs overtyding. Eg kjenner mange kristne og muslimar som er samd med meg i mykje av dette, og som meiner at det er religion, sivilsamfunn og den enkelte si oppgåve å ivareta etikken. Staten skal sørgje for at folk ikkje gjer ting som går utover andre. Vi må skilje mellom religion og stat.
- Kor langt meiner du at vi kan strekke verdigrensa innan bioetikk?
- Bioetikk er krevjande. Det er ikkje krevjande at folk skal ta val på vegner av seg sjølve, men eg er ikkje nødvendigvis for genmanipulering. Då begynner ein å snakke om ting som kan få ganske vidtrekkjande konsekvensar framover for andre, eit område vi skal trå veldig forsiktig på. Men vi er nøydde til å ta diskusjonen av di teknologien pressar han fram.
Ikkje skrive i stein
- Er du for eller mot tvillingabort, såkalla fosterreduksjon?
- Det er eg for. Viss du blir gravid to gangar og aborterer eine gongen, men fødar den andre, skjønar eg ikkje kvifor dette skal vere meir etisk riktig enn det å bli gravid med tvillingar, abortere den eine, men føde den andre. Så trur eg at alternativet er at ikkje alle barna blir fødd, men at alle barna blir abortert, dersom du ikkje tillét fosterreduksjon.
Partikollega Abid Raja er usamd med Rotevatn i fleire spørsmål, men meiner det er prisverdig at han skriv om vanskelege emne og bidreg til ny debatt om verdispørsmål.
- Det er ingen standpunkt som står til evig tid. Alle standpunkt må tole å bli utfordra og debattert. Og sjølv om mange parti har landa dette i sine respektive stortingsvalprogram for inneverande stortingsperiode, er ingenting skrive i stein, seier Raja til Dagen.
DAGEN