– Styremaktene ventar at nærginslivet er best i samfunnsansvarklassen, men styresmaktene er ikkje best i klassen sjølv når det gjeø å fremje eit meir pliktande samfunnsansvar, konkluderer Amalie Hilde Toft si masteroppgåve.
Alice Tegle
– Meir profitt og mindre etikk i borgarleg utviklingspolitikk
Styresmaktene si tilnærming til næringslivets samfunnsansvar har endra seg med den borgarlege regjeringa, ifølgje ny mastergrad.
– Det er overraskande at menneskeverd og menneskerettar ikkje framstår som eit mål i seg sjølv, men bare eit middel for å styrke omdømet og auke fortenesta til selskapa, sier Amalie Hilde Tofte.
Ho er til dagleg internasjonal rådgjevar i fagforbundet Industri Energi, men understrekar at ho uttalar seg som forfattar bak masteroppgåva "Frå samfunnsansvarleg til bærekraftig næringsliv? Styresmaktene sine tilnærmingar til næringslivets samfunnsansvar i eit tiårsperspektiv".
Ei rekkje kristne organisasjonar har dei siste åra engasjert seg mot moderne slaveri. Media sitt søkelys på Hydro-eigde Alunorte sitt gruveslamutslepp i Brasil og elbil-industrien sin bruk av kobolt frå kongolesiske barnearbeid-gruver har aktualisert debatten om samfunnsansvarleg næringliv, men her henger norske styresmakter etter, meiner Tofte: