Melder overgang til Partiet De Kristne
Varaordførar i Bergen, Marita Moltu, og bystyrekollega Elisabeth Leirgul melder seg inn i PDK.
– Eg ser inga framtid for dei verdikonservative i KrF, seier bystyrerepresentant Elisabeth Leirgul i Bergen til BT. Ho meiner at grunnfjellet i partiet blir framandgjort i forsøket på å nå nye veljargrupper.
Etter 18 år i Kristeleg Folkeparti varsla ho partileiinga torsdag om at ho melder overgang til Partiet De Kristne (PDK). Saker som særleg blir dregne fram er ekteskapslova og flytting av ambassaden i Israel.
Moltu også inn i PDK
Marita Moltu stadfestar overfor Dagen at ho har meldt seg inn i PDK torsdag.
– Grunngjevinga mi handlar om manglande tillit til partiet, både lokalt og nasjonalt, sa Moltu då ho melde seg ut av partiet i mars.
Med dei to overgangane har KrF mistet halvparten av si bystyregruppe.
– No ser eg fram til å jobba vidare med politikk gjennom PDK. Eg har tru på, og ser behovet for, eit tydeleg verdikonservativt parti i norsk politikk framover, seier ho til Dagen.