Messiansk jøde forsvarer Trump
Å sikre Jesus-truande jødar sin rett til å dele ut evangeliserande traktatar på ein flyplass vart gjennombrotet i karrieren til Donald Trumps advokat.
Jay Sekulow er ein av leiarane i det juridiske teamet til Trump under den pågåande riksrettssprosessen.
– Alt eg har jobba for i karrieren min, har førebudd meg på denne augneblinken, seier 63-åringen til The Forward, ein amerikansk jødisk publikasjon.
– Eg ser Guds hand i alt som skjer i livet mitt, seier han.
Jødisk arv
Einskilde på ytre høgre i USA har omtalt riksrettsprosessen som ei jødisk samansverjing mot presidenten. To av dei demokratiske kongressmennene som står sentralt, er jødiske: Adam Schiff og Jerry Nadler. Sekulow kallar dette nonsens.
Han er heller ikkje åleine som jøde i forsvaret av Trump. Der er også den pensjonerte Harvard-professoren Alan Derschowitz, som gjesta Oslo Symposium i 2011.
– Arven min og oppveksten min og trua til familien min er jødisk. Alt dette spelar ei rolle i rettsoppfatninga mi, seier Sekulow.
Jesaja 53
I oppveksten til Jay Sekulow spelte ikkje religionen ei spesielt sentral rolle. Han vaks opp i ein jødisk familie i New York. Bestefaren kom frå Russland og livnærte seg som fruktseljar i USA.
– Nokre gonger refererte far min til «Det høgste vesenet», men vanlegvis sparte han slike referansar til høgtidene, skreiv Sekulow i ein artikkel for organisasjonen Jews for Jesus i 2005. Den Norske Israelsmisjon har hatt kontakt med denne organisasjonen.
Sekulow kom i kontakt med Jews for Jesus medan han var student ved Atlanta Baptist College, no Mercer University, i Georgia. Han hadde valte å studere der for å kunne bu i byen som familien hans hadde flytta til då han var i tenåra. Bibelundervisning var obligatorisk, men han rekna med å enkelt kunne vise at dei kristne tok feil.
I møte med gammaltestamentlege profetiar om Messias, ikkje minst Jesaja 53 om «Herrens lidande tenar», vart han som 18-åring likevel overtydd om at det måtte dreie seg om Jesus frå Nasaret.
– Eg hadde alltid tenkt at den kulturelle jødedomen min var tilstrekkeleg. Men medan eg studerte Messias, som skulle vere ein som bar synder, innsåg eg at eg trengde ein Messias som gjorde dette for meg, skreiv han i artikkelen for Jews for Jesus.
– Eg var jødisk, han var jødisk, og eg såg ikkje nokon grunn til at vi ikkje skulle tru på han.
Stor velstand
Engasjementet i Jews for Jesus førte til at Sekulow allereie i 1987 møtte i den mest prestisjetunge domstolen i USA: Høgsterett i Washington D. C. Grunnen var at dei Jesus-truande jødane hadde delt ut flygeblad på den største flyplassen i Los Angeles. Før dette hadde det første advokatfirmaet hans gått konkurs etter skuldingar om skattejuks. Dei ni høgsterettsdommarane samrøystes gav medhald til Jews for Jesus
– Menneske bad for meg, og Gud greip inn, oppsummerte Sekulow i 2005.
Det opna det seg nye dører etter den store sigeren. Han tok mange oppdrag innanfor feltet trusfridom og fekk også sitt eige talkshow på det store kristne tv-nettverket Trinity Christian Broadcasting.
Tv-predikanten Pat Robertson etablerte American Center for Law and Justice og valde Sekulow som leiar.
Sjølv om Sekulow vart ein helt for mange konservative kristne, har nokre også reagert på at han ut frå prinsipiell støtte for ytringsfridomen har forsvart formidlarar av pornografi. Han har også markert seg imot offisielle bøner i offentlege skular fordi han meiner dette kan potensielt kan medføre tvang.
Slike synspunkt har han grunngitt med at han er «absoluttistisk» i forsvaret for det første grunnlovstilelgget i USA. Dette sikrar mellom anna trusfridom, ytringsfrimdom og pressefridom.
Gjennom arbeidet sitt er Sekulow blitt svært velståande. I fleire runder har han har hamna i kritisk medielys etter skuldingar om at verksemda har vore organisert på måtar som var overmåte gunstig for han og familien hans, men vener forsvarte han i USA Today i 2011 som ein «audmjuk mann som er dedikert til kristendommens sak».