Metodistpastor Carol Hill under eit pride-arrangement i Chicago, i USA. Bilde er frå eit anna høve.

Metodistkyrkja avgjorde om homofili og om lokale kyrkjer kan melde seg ut

I Sentralkonferansen samla i formiddag representantar frå 15 land for å avgjere spørsmål som har prega kyrkjesamfunnet sidan 70-talet.

Publisert Sist oppdatert

I formiddag hadde Metodistkyrkja eit av dei viktigaste møta deira på fleire år.

Sidan 70-talet har trussamfunnet diskutert seksualetikk.

Møtet låg an til å bli eit vendepunkt for metodistane her til lands.

No er resultatet klart.

Dette stod på spel

Det var den såkalla Sentralkonferansen, det nest-øvste nivået i United Methodist Church (UMC), som samla representantar frå femten land klokka ni i dag tidleg (sjå faktaboks nedst).

På bordet låg det fleire forslag.

United Methodist Church: Calvary United Methodist Church i Colorado Springs, USA.

Ein ville mellom anna opne for at nasjonale metodistkyrkjer, som Metodistkyrkja i Noreg, skulle kunne gjere lokale tilpassingar med tanke på likekjønna vigsel.

Sentralkonferansen ligg nemleg eitt hakk over Metodistkyrkja i Noreg som ikkje kan behandle lærespørsmål på eiga hand.

Nei til å vie eller ordinere homofile

Dersom forslaget gjekk gjennom kunne Metodistkyrkja i Noreg vedta ein ny vigselsliturgi for likekjønna par allereie til sommaren.

Men slik vart det ikkje, fortel Ove Braaten. Han har god kunnskap om oppbygginga til Metodistkyrkja og har følgt Sentralkonferansen som gjekk for seg på ei videolenke i formiddag.

METODIST: Ove Braaten er aktiv i det tradisjonelle metodist-nettverket, Connect Metodist.

Han fortel at Estland og Eurasia, som er på veg ut av den internasjonale Metodistkyrkja, tippa avstemminga i konservativ retning.

– I praksis vil det seie at meir liberale land i Norden framleis ikkje kan velje sjølv om dei vil vie eller ordinere homofile.

– Er avgjersla overraskande?

– Det kunne gått begge vegar, men Sentralkonferansen har ei hovudvekt av konservative. Men det fleirtalet kan fort svekkjast når Estland og Eurasia er helt utmeld.

Slik er Metodistkyrkja organisert

Internasjonalt har Metodistkyrkja rundt 12,7 millionar medlemar. Trussamfunnet er organisert i fleire ulike nivå med ulik grad av mynde.

Lokalt:

Kyrkjelydskonferanse er det lågaste nivået i Metodistkyrkja. Der kan kvar enkelt kyrkjelyd avgjera spørsmål dei har mynde til.

Nasjonalt:

Årskonferansen er det øvste, nasjonale organet i United Methodist Church. Den samlar delegatar frå heile landet som kan fatte vedtak som ligg innafor deira mynde.

Fleirnasjonalt:

Sentralkonferansen er eit fleirnasjonalt styringsorgan, og ligg eitt hakk over årskonferansen.

Den norske delen av metodistkyrkja har felles sentralkonferanse med Danmark, Finland, Estland, Latvia, Litauen, Sverige, Moldova, Ukraina, Belarus, Kasakhstan, Russland, Usbekistan, Tadsjikistan og Kirgisistan.

Internasjonalt:

Generalkonferansen er det øvste nivået i metodistkyrkja, som internasjonalt er samla under organisasjonen United Methodist Church. Den samlar representantar frå metodistkyrkjer i heile verda kvart fjerde år.

Kjelde: Store norske leksikon

Utmelding framleis vanskeleg

Eit anna forslag som vart tatt opp, var om ein skulle la lokale kyrkjer melde seg ut av trussamfunnet med 2/3 fleirtal. Det har fleire konservative forsamlingar her til lands vurdert å gjere.

– Reelt sett vart det inga endring. Du kan i teorien forlate Metodistkyrkja i Noreg, men i verkelegheita er det ikkje slik fordi du framleis må melde deg inn i eit anna kyrkjesamfunn i Noregs Kristne Råd.

– Kvifor er det ei umoglegheit?

– Fordi ein metodist ynskjer framleis å vere ein metodist, og ikkje til dømes ein lutheranar.

Powered by Labrador CMS