Metodistkyrkja har diskutert likekjønna samliv i over 50 år – no kan dei avslutte debatten
Denne helga kan bli eit vendepunkt for kyrkjesamfunnet.
Laurdag 18. mars samlar metodistar frå fleire land seg til eit viktig møte.
Der skal dei diskutere samlivsspørsmålet og det ligg an til store endringar.
Men først, korleis kom Metodistkyrkja hit?
Grunnlegging
På 1700-talet oppstod det ei vekkingsrørsle i England med utgangspunkt i den anglikanske presten John Wesley.
Det skulle føre til kyrkjesamfunnet vi i dag kjenner som Metodistkyrkja, som i sitt verdsråd tel rundt 80 millionar medlemar.
Trussamfunnet nådde Noreg i 1856 og har opp gjennom åra hatt ulike tilknytingar.
I 1968 vart dei ein del av United Methodist Church (UMC), der dei framleis høyrer til.
Organisasjonen har rundt 12,7 millionar medlemar verda over, sjølv om dei fleste er i USA. Her til lands har dei cirka 11.000 medlemar.
Samliv blir sett på agenda
I 1972 skulle det fire år gamle kyrkjesamfunnet for første gong samle seg til Generalkonferanse – det øvste organet i organisasjonen (sjå faktaboks nedst).
Ein komité hadde innstilt på at UMC skulle slå fast at «homoseksuelle personar på same måte som heterofile individ er av heilag verdi» (jour. oms.) og er velkomne i kyrkja.
Det fekk ein lek delegat frå Sør-Vest Texas, Don Hand, til å reagere.
Han foreslo å legge til: « … sjølv om vi ikkje tolererer homofil praksis og ser det slik at den type praksis ikkje kan sameinast med kristen lære» (jour. oms.).
Hand fekk gjennomslag. Med det var ein debatt som skulle vare i over 50 år i gong.
Mot ei løysing?
På kvar einaste Generalkonferanse sidan 1972 har spørsmålet blitt tatt opp igjen. Kyrkjesamfunnet har likevel heile vegen blitt ståande på det tradisjonelle synet trass i eit betydeleg liberalt mindretal.
Men i mai 2016 var det knytt stor spenning til Generalkonferansen.
Rett før samlinga stod nemleg over 100 geistlege metodistar fram som skeive og bad om endring. Det vart lagt fleire forslag på bordet, men endringane lét seg vente på.
Etter fleire tiår med diskusjon enda dei heller opp med å be biskopane foreslå ei løysing på den langvarige floken.
Det var difor stor spenning då ein kalla inn til ekstraordinær Generalkonferanse i 2019.
Biskopane hadde endeleg utarbeida sitt forslag som dei kalla One Church Plan.
Med den, ville dei opne for likekjønna vigslar og ordinasjonar av homofile menneske.
Det var berre eitt problem. Forslaget hadde ikkje fleirtal i kyrkja.
Igjen vann dei konservative fram.
Det førte til at den interne uroa eskalerte enno meir.
Då ein atter ein gong kalla inn til Generalkonferanse i 2020, låg det difor eit forslag på bordet som mange håpa skulle løyse konflikten.
Etter rundt 50 år med debatt, foreslo ein at trussamfunnet skulle dele seg opp.
Men det skulle koronapandemien sette ein stoppar for.
Generalkonferansen blei til slutt utsett til 2024. Den er altså endå ikkje gjennomført.
Fleire konservative var utolmodige, så i staden for å vente, stiftaei gruppe tradisjonelle metodistar i mai 2022 eit nytt alternativ til UMC, nemleg Global Methodist Church.
Vil opne for utmelding
Bakgrunnen for den ekstraordinære Sentralkonferansen som blir halden 18. mars, er med andre ord at fleire er utolmodige. Dei vil få fortgang på prosessen mot ei eventuell løysing av disputten som har gått føre seg i over 50 år.
Når Sentralkonferansen samlast til helga, ligg det difor to relevante forslag på bordet.
Det første er at lokale forsamlingar skal kunne forlate trussamfunnet. Det andre er å gi det nasjonale organet, altså Metodistkyrkja i Noreg, makt til å vedta ein ny vigselsliturgi.
Dermed kan ein eventuell liturgi komme alt i juni her til lands. Og i løpet av sommaren kan dei første lokalkyrkjene begynne prosessen med å forlate UMC.