#metoo påverkar livet i kyrkjene

Klemmekultur og varslingsrutiner rundt seksuelle overgrep har blitt diskusjonstema i Den norske kyrkja i kjølvatnet av metoo-kampanjen.

Publisert Sist oppdatert

Over halvparten av verksemdene i Den norske kyrkja, 63 prosent, fortel at metoo-kampanjen har påverka dagleglivet i staben på éin eller fleire måtar.

Det viser ei undersøking som KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter har gjort om overgreps- og trakasseringssaker og førebyggjande arbeid mot overgrep i samarbeid med Kyrkjerådet. Undersøkinga blir gjennomført annakvart år. Nokre av funna frå undersøkinga som i vinter blei sendt ut til alle fellesråd, bispedømmeråd og Kyrkjerådet, er no klare.

Spørsmåla i undersøkinga handla mellom anna om førebygging og handtering av seksuell trakassering, grensene mellom trakassering og normal fysisk nærleik, skepsis til klemmekultur og synet på kva som er forventa oppførsel frå kyrkjelege tilsette. Det blir også spurt om det har vore ein auke i talet på samtalar og sjelesorg med menneske som fortel om overgrep og trakassering.

Direktør i arbeidsgivaravdelinga i KA Ingrid B. Tenfjord fortel at dei no jobbar med å få på plass malar for varsling som arbeidsgivarane kan bruke. Desse malane skal omfatte både den lovpålagde varslinga i arbeidsmiljølova, men også varslingsrutiner og beredskapsplanar for ugreie ting som går utanom lova.

– Det går føre seg så mykje aktivitet som involverer barn og unge at det er veldig viktig å ha ordningar også utanfor det som er pålagt, seier Tenfjord.

Politiattest

Undersøkinga avdekkjer også at det er blitt meir vanleg å krevje politiattest ved tilsetjingar der ein skal arbeide med barn og unge. Heile 89 prosent av verksemdene seier at dei krev politiattest ved tilsetjingar der oppgåvene er knytt til mindreårige. Ved den førre undersøkinga for to år sidan svarte 84 prosent at dette var vanleg praksis.

Samtidig viser svara at det ofte er dei små fellesråda som ikkje krev politiattest. Enkelte grunngir dette med at forholda er så små at dei ikkje ser på det som nødvendig, medan flesteparten seier at spørsmålet om politiattest ikkje har vore aktuelt fordi dei ikkje har gjort slike tilsetjingar på fleire år.

– Det er ikkje bra før det er 100 prosent, men det går rett veg. Politiattest skal likevel ikkje vere ei sovepute, vi må samtidig jobbe med haldningar og retningslinjer, strekar Ingrid B. Tenfjord under.

Når det gjeld frivillige medarbeidarar, er det opp til kvart sokneråd om dei vil krevje attest frå politiet. Dette har dei heimel, men inga forplikting til.

– Vårt oppdrag er å legge til ­rette. Avgjerda må kvart enkelt sokneråd ta sjølv.

Powered by Labrador CMS