MIFF med ni nye annonsar etter PFU-felling
Dagens marknadssjef Odd Arild Algrøy vil vere meir medviten når han vurderer annonsane til MIFF framover.
Ei veke etter fellinga av Dagen og Stavanger Aftenbladet i Pressas faglege utval (PFU), har Med Israel for fred (MIFF) bestilt heilsides annonsar i alle dei ni avisene som vart klaga inn for å trykke annonsane deira i fjor.
Dagen og Stavanger Aftenblad blei felt, mens sju aviser gjekk fri.
Odd-Arild Algrøy, marknadssjef i Dagen, stadfestar at MIFF har bestilt ei heilside med annonse på fredag.
Han seier marknadsavdelinga i avisa har skjerpa rutinane for å sikre at annonsane held seg innanfor det presseetiske regelverket.
– Vi tek lærdom av saka og vil vere meir medvitne når vi vurderer annonsar. Er det noko vi er i tvil om vil vi alltid ta det opp med sjefredaktør, seier Algrøy.
Nye saker
Myrland fortel at dette kjem no fordi dei har ein årleg haustkonferanse i Oslo førstkomande helg. I tillegg vil dei ha ut «informasjon som elles blir fortagde i dei store media».
– No skriv vi om korleis 99 prosent av den jødiske befolkninga er blitt pressa ut av den arabiske verda, og om lønssystemet palestinske styresmakter har for terroristar. Vi kjem også til å oppsummere kort litt av OD- og PFU-saka i annonsen, seier Myrland til Dagen.
Meir medvitne
– Har de blitt meir medvitne om kva de skriv i annonsar?
– Vi gler oss over at PFU såg bort frå dei fleste paragrafane i Ver Varsom-plakaten som annonsa var klaga innfor, og for at PFU ikkje fann noka krenking overfor Operasjon Dagsverk, seier Myrland.
Dei ni annonsane heile vil koste i underkant av 200.000 kroner, opplyser han.
Mandag ettermiddag hadde MIFF via ein Facebook-aksjon samla inn i overkant av 26.000 kroner. Resten blir dekka av MIFFs marknadsføringsmiddel som består av gåver frå medlemane deira.