Mindre katolsk enn paven
For første gong på 39 år skal irane få pavebesøk. I mellomtida har dei fjerna seg raskt frå katolisismen. Kva vil Frans seie?
Den grøne øya heilt vest i havet har på mange måtar vore sett som eit unntak i eit stadig meir sekularisert Europa.
– Ein høgare del av befolkninga har både gått til messe og til skriftemål enn det ein har sett i andre katolske land som Italia og Spania, seier universitetslektor Jan Erik Mustad ved Universitetet i Agder til Dagen.
Og katolske land er etter slike mål langt mindre sekulariserte enn protestantiske.
Katolsk makt
Men om det fysiske landskapet er like frodig som då ein pave sist sette beina på irsk jord i 1979, har det religiøse landskapet endra seg. Det har forresten også fottøyet til paven. I motsetnad til forgjengarane går ikkje Frans i raude sko, noko som vert oppfatta som eit uttrykk for at han vil føre ein enkel og audmjuk stil. Raude sko har vore eit maktsymbol heilt tilbake til antikken, ifølgje ein artikkel i The New York Review of Books.
I Irland hadde symbolikken hatt mykje føre seg under det førre pavebesøket og lenge etterpå: Den romersk-katolske kyrkja stått uvanleg sterkt og hatt uvanleg mykje makt, i alle fall samanlikna med det som er blitt vanleg i europeiske land.
– Stadig fleire har fått ei stadig sterkare mistru til Den katolske kyrkja gjennom utvikliga dei siste tiåra, seier Jan Erik Mustad.
Han påpeikar at kyrkja hadde sterk påverknad mellom anna i utdanningssystemet, men også andre institusjonar.
Overgrepsskandalar er ei mogeleg forklaring som kommentatorar trekkjer fram. Men det vert også vist til stadig større avstand mellom læra til kyrkja og haldningane til folk flest.
Store lovendringar
I 1979 var 93 prosent av irane katolikkar og gjekk til messe kvar veke. No er prosentdelen nede i 78, ifølgje befolkningsundersøkinga frå 2016. Men det er også skjedd store politiske endringar som avspeglar den same utviklinga. Lenge nekta Irland å følgje etter når land etter land i Europa dei siste 50 åra har innført stadig meir liberale abortlover. Men i mai røysta to av tre irar for å oppheve grunnlovstillegget frå 1983 som gav eit ufødt barn like stor rett til liv som mora. Dette var den sjette irske folkeavrøystinga om abort. No er det venta at Irland vil få ei abortlov som liknar den norske.
I 2015 vart Irland det første landet i verda som innførte likekjønna ekteskap etter ei folkeavrøysting. Ein har også hatt folkeavrøystingar om prevensjon og skilsmisse. Utviklinga har generelt gått i liberal retning. Til hausten skal dei igjen gå til urnene for å røyste over forbodet mot blasfemi, og kommentatorar reknar med at dette også vert fjerna.
Ventar hundretusenvis
Irland er blitt eit anna land, men inntrykket kjem også an på kvar ein reiser. I Knock, ein liten by vest på øya der det ligg ein stor Maria-heilagdom, dreg kyrkjene mykje folk, fortel The Observer i ein reportasje i forkant av pavebesøket.
Knock har også sin privateeigde internasjonale flyplass med kapasitet til å handtere over 1,5 millionar passasjerar i året. Staden er blitt eit pilegrimsmål fordi 15 menneske i 1879 fortalte at dei såg Jomfru Maria openberre seg der.
Suvenirar for pavebesøket har allereie vore til sals ei stund.
– Spenninga er til å ta og føle på, seier fader Richard Gibbons som har vore sokneprest der i seks år.
Det er gjort tilgjengeleg 45.000 billettar for besøket i Knock.
– Med interessa vi har opplevd, kunne vi firedobla dette, seier Gibbons til The Observer. Men då pave Johannes Paul var der ved hundreårsjubileet for openberringa i 1979, reknar ein med at rundt 450.000 møtte fram.
I Phoenix park i Dublin er det venta rundt 500.000 til messe på søndag. Men det ligg eit stykke unna dei rundt 1,25 millionane som kom til messe der i 1979, påpeikar BBC.
Dalande oppslutnad
Jan Erik Mustad påpeikar at Irland tradisjonelt har vore eit jordbrukssamfunn og ikkje gjekk gjennom same industrialiseringa som Storbritannia.
– Industrialisering har gjerne vore forbunde med sekularisering, og i Irland har Den katolske kyrkja lenge hatt ei ganske sterk kraft, seier Mustad.
Medan Storbritannia vart prega av reformasjonen på 1500- og 1600-talet, vart Irland verande katolsk sjølv om landet kom inn i den britiske unionen og ikkje gjekk ut før i 1921. Storbritannia har også heilt sidan seint på 1600-talet vore prega av ideal om religionsfridom og utover 1900-talet av aukande innvandring.
– Irland har derimot hatt ei nokså kulturelt einskapleg samfunn, påpeikar Mustad, men understrekar at dette har endra seg raskt med aukande urbanisering og globalisering.
Ser framover
Oppslutnaden om messer har gått dramatisk ned ein del stader. I visse deler av Dublin er oppmøtet heilt nede i to prosent av befolkninga. Manglande rekruttering av prestar er ei anna stor utfordring.
Fader Gibbons i Knock ser ingen grunn til å sjå seg tilbake. Han meiner ein må sjå framover og vere kreativ for å kome i kontakt med folk.
– Det kjem til å bli hardt arbeid, men eg trur vi kan reevangelisere dette landet, seier presten.
Ei liknande haldning har Eileen Meehan (73) som også har oppsøkt heilagdomen i Knock.
– Eg veit at det er mindre folk som går til messe. Det er andre ting som tek over livet deira, som pengar og nytingar – det trur dette er livet, men det er det ikkje. Det er veldig trist. Men Herren vil bringe dei tilbake, seier ho til The Observer.