MISJONÆRAR: Familielivet var ikkje alltid enkelt for misjonærane – som ofte måtte reise langt bort frå barna sine.

Misjonærborn fortel i ny bok: – Eit ope sår for mange

Noreg var eit av landa med flest misjonærar i forhold til innbyggartalet, og fleire tusen norske barn har budd skilde frå familien på grunn av misjonskallet til foreldra.

Publisert Sist oppdatert

Kan kunst og litteratur vere med på å seie noko om korleis ein slik praksis påverka enkeltindivid? Det trur Lene Ask. Ho har fordjupa seg i historiene til dei norske misjonærbarna, og intervjua, skrive og illustrert fram historier om barn som måtte reise langt vekk for å bu på internat, medan foreldra følgde misjonskallet.

For Ask går arbeidet med boka langt tilbake: I 2014 gav ho ut ein teikneserie som heitte «Kjære Rikard». Her fortel ho historia om eit misjonærbarn som voks opp på ein barneheim i Stavanger på slutten av 1800-talet, då faren var misjonær på Madagaskar. Boka byggjer på brevvekslinga mellom far og son.

– Då denne boka kom ut, vart eg kontakta av fleire som fortalde liknande historier som låg mykje nærare vår tid. Dette gjorde at eg forstod at historia om misjonærbarna framleis er eit ope sår for mange, seier forfattaren og illustratøren. Som også fekk høyre at det å snakke om negative erfaringar, som ikkje stemde overeins med solskinshistoria til misjonen, kunne bli oppfatta som illojalt overfor misjonen, foreldra – eller Gud.

ILLUSTRATØR: Lene Ask er klar med ei ny utgjeving. Denne gongen rettar ho søkjelyset på oppvekstkåra til misjonærbarn i ei tid då internatliv var praksisen. Foto: Line Sollie Karlsen

Stor einsemd

Alle Ask spurde, stilte opp, og resultatet er ei bok som byggjer på intervju med ti personar. Dei to eldste er snart hundre, og dei yngste har nettopp passert 40. Dei har vakse opp på Madagaskar, Taiwan, India, Kenya, Japan og Indonesia, der dei budde på internatskular. For mange gjekk det bra, men for somme vart det eit liv med stor einsemd - og, i verste fall, overgrep.

– Nokon budde berre nokre timar frå foreldra, medan andre måtte reise i tre dagar når dei skulle heim. Ein av dei eg intervjua vart send heim frå misjonslandet då ho var tre år fordi ho vart sjuk. Ho vart buande hos besteforeldra sine, fortel forfattaren vidare. Og synest det er vanskeleg å plukke ut den enkelthistoria som har gjort mest inntrykk.

– Men det gjer inntrykk å høyre om einsemda mange følte. At dei ikkje hadde nokon nære vaksenpersoner dei var trygge på, eller kunne gå til om noko var gale. Det har òg gjort inntrykk å høyre kor åleine mange har følt seg med erfaringane sine – òg i vaksen alder. At det å fortelje historia si har vorte møtt med skepsis, påpeikar Ask. Som understrekar:

– Det er viktig å få fram at mange misjonærbarn fortel om ein fin oppvekst, med spennande kulturelle erfaringar og stor språkleg kunnskap, dei fortel at dei har kunna bruke oppveksten sin som ein ressurs.

At barna kunne oppleve internatlivet så ulikt, meiner Ask heng saman med kor store personalressurser det var på skulen, og om dei tilsette eigna seg som omsorgspersonar.

MISJONSFAMILIAR: Den ­illustrerte boka, som byggjer på intervju, har fått tittelen «O bli hos meg». Her fortel menneske som har vakse opp i misjons­familiar om sine erfaringar.

Utvidar misjonshistoria

Forfattaren og illustratøren håpar ho med boka har klart å utvide misjonshistoria ved å inkludere historiene til barna, men ho håpar og trur utgivinga kan engasjere langt utover misjonsmiljøet. For det finst mange med liknande erfaringar, som kan fortelje om både omsorgssvikt og uheldige maktforhold internt i organisasjonar og små samfunn, påpeikar ho.

Lene Ask er ikkje den første kunstnaren til å belyse kor utsette misjonærbarna var. Mellom anna har biletkunstnar Kari Grasmos sterke bilete fått stor merksemd.

– Eg trur kunst og litteratur kan hjelpe oss til å forstå andres erfaringar betre, slik at vi òg kan lære av det, seier Ask – og svarer slik på spørsmålet om kva tankar og kjensler ho håpar vi sit igjen med i møte med boka hennar.

– Det er sjølvsagt fint om boka rører lesaren, men eg ønskjer òg at boka kan gi ei innsikt i problematikken rundt misjonærbarn.

Internatpraksisen for misjonærbarn vart i hovudsak avslutta på 90-talet. No bur barna som regel saman med foreldra sine, i alle fall gjeld dette norske misjonærar.

Powered by Labrador CMS