NØGD: Dagleg leiar Roald Gundersen i Norsk Samemisjon meiner at ein fusjon med Misjon Sarepta er ei god løysing.

Misjonsorganisasjonar nær fusjon

Norges Samemisjon og Misjon Sarepta har inngått ein intensjonsavtale om å slå seg saman i 2021.

Publisert Sist oppdatert

– Vi er i ein situasjon kor vi er nøydde til å gjere noko drastisk med organisasjonsstrukturen, for vi kan ikkje halde fram med fleire millionar i underskot kvart år, seier dagleg leiar Roald Gundersen i Norges Samemisjon.

Det er landsstyret i misjonsorganisasjonen som i haust tok initiativ til samtalar om fusjon av organisasjonane. Ifølgje Gundersen hadde dei ikkje noko val.

– Vi har drive i minus alle år sidan 2000-talet. Vi har prøvd å rette opp skuta utan å lukkast, men eigedomsal har halde oss i live heile 2000-talet. Vi kan ikkje berre køyre til kassa er tom.

Misjonsorganisasjonane har no signert ein intensjonsavtale, og ventar no på at landsmøtet til Samemisjonen skal avgjere om fusjonen vert realisert på landsmøte i juli.

Reagerer

Ikkje alle i Samemisjonen er nøgde med denne løysinga. I Stavanger har ei gruppe «misjonsvener» starta ein underskriftsaksjon kor dei reagerer på at landsstyret har sett i gong ein samanslåingsprosess.

Bakgrunnen er at landsmøtet i 2017 vedtok at organisasjonen skulle halde fram åleine, og avviste eit anna forslag om å sjå seg om etter nokon å slå seg saman med.

«Misjonsvenene» meiner at intensjonsavtalen med Sarepta bryter med desse vedtaka.

«Når landsstyret går så langt som det har gjort, tross landsmøtetevedtaket 2017, og forhandlet frem en intensjonsavtale om sammenslåing med en annen misjonsorganisasjon, slik det er gjort med Misjon Sarepta, er dette å legge kraftige og uheldige føringer før landsmøtet i juli.», skriver «misjonsvenene» i oppropet som blir sendt til landsstyret.

Dagen har vore i kontakt med personar bak underskriftsaksjon, men ingen ønskjer å uttale seg i saka.

– God løysing

Gundersen avviser at intensjonsavtalen er i strid med landsmøtevedtaket frå 2017.

– Landsstyret har jobba med eit alternativ som landsmøtet kan ta stilling til i sommar. Vi har kome i ein situasjon kor vi ikkje kan vente lenger. Det hadde vore heilt uansvarleg av landsstyret å ikkje gjere noko.

Dersom landsmøtet vedtek samanslåing vil den formelt skje 1. januar 2021. Den nye organisasjonen skal heite Misjon Sarepta og halde fram med Sarepta sin noverande organisasjon.

Gundersen har likevel forståing for at det er sterke kjensler involvert når ein 130 år gammal organisasjon forsvinn.

– Mange føler nok at dei mister kontrollen, men dei har ikkje noko betre forslag. Det finst ikkje ei betre løysing no. Det vil heller ikkje bli noko merkbar endring på misjonsmarka i Finnmark.

– Forståelig

Styreformann Johannes Kleppa i Misjonen Sarepta seier at han har sympati for at det er ein vanskeleg prosess for mange i Samemisjonen.

– Samemisjonen er ein gamal organisasjon med mykje tradisjonar og eit svært omfattande arbeid i tidlegare tider, men samstundes ein svært dramatisk økonomisk situasjon i dag. Med denne kombinasjonen hadde det vore merkeleg om det ikkje var ulike meiningar rundt dette.

Han håpar likevel at ein kan sjå på samanslåinga i eit større bilete.

– Alt av både Sarepta og Samemisjonens arbeid vil bli vidareført. Eg vil utfordre desse som er kritiske til å spørje seg om kva som tener kallet og arbeidet best, seier Kleppa.

Powered by Labrador CMS