Munk tilstår drap på biskop
Gjerningsmannen har tilstått og opplyst kvar drapsvåpenet var å finna.
64 år gamle biskop Epifanius (biletet) var leiar i St. Makarius-klosteret, som ligg nær Wadi El Natrun, ti mil nordvest for Kairo. Søndag 29. juli vart han funnen drepen utanfor klostercella.
Fortalde om drapsvåpenet
Egyptiske aviser skriv at munken Isaiah al-Makari har tilstått drapet og kunne samtidig opplysa kor drapsvåpenet var å finna - ei jernstang. Munkens verdslege namn er Wael Saad Tawadros. Han vart avkraga den 5. august og deretter forvist frå klosteret der han hadde vore munk sidan 2010.
Ifølge ein talsmann i den koptisk-ortodokse kyrkja, fader Boulos Halim, var ikkje utvisninga frå klosteret direkte relatert til drapet, men ein konsekvens av ein langvarig disiplinær prosess som starta tidleg i 2018. Ei gruppe munkar ved klosteret bad ifølgje The Guardian om at munken ikkje skulle utvisast.
Låg teologisk usemje bak?
Vatican Insider skriv at drapet kan vera relatert til ei intern usemje knytt til Matta al Meskin, som døydde for tolv år sidan. Han var ein fornyar av klosterlivet i Egypt, men var samtidig kontroversiell. Den forrige koptiske paven, pave Shenouda, forbaud at Matta al Meskin sine skrifter skulle publiserast.
Shenouda var påverka av protestantiske og vestlege idear, medan Matta al Meskin søkte tilbake i eigen tradisjon. Den noverande paven, Thawadros, har løfta forbudet mot Matta al Meskin, noko som har falle ein del koptarar som står på Shenouda si linje, tungt for brystet. Den drepne biskopen og abbeden i St. Makarius-klosteret var åndeleg barn av al Meskin, og drapet kan difor vera relatert til denne konflikten.
Innførte forbod mot sosiale medier
Egyptisk presse opplyser at overvakningskamera ved klosteret har filma den avdøde biskopen i oppheta diskusjon med nokre munkar i timane før han vart drepen. To munkar - inkludert den no avsatte munken - skal ha forsøkt å ta sine eigne liv etter hendinga. Pave Tawadros har sett i verk ei rekkje tiltak etter drapet. Blant anna har han forbode munkar å vera på sosiale medier, og det blir heller ikkje teke opp nye munkar det komande året.