VED STOCKHOLM: I Rinkeby er det meir vanleg at jenter og kvinner går med hijab enn utan.

Muslimane er i fleirtal i Rinkeby. Der fann pastoren si misjonsmark.

Nesten alle dei kristne småbarnsfamiliane har flytta frå Rinkeby i Stockholm der muslimane er i fleirtal. Den svenske pastoren flytta motsatt veg.

Publisert Sist oppdatert

– Her har du ein moské, seier Oral Hatava og peikar på det som liknar eit butikk- og kontorlokale då vi møtest på Rinkeby torg.

– Det er fem-seks moskéar i området, fortel han.

Etter nesten tre tiår som misjonær i internasjonale kyrkjelydar i Frankrike kunne Hatava aldri tenkje seg å bli pastor i ein vanleg svensk frikyrkjelyd. Han og kona vende heim til Sverige for eit par år sidan. Då han fekk spørsmål om å ta over leiinga av Rinkeby Internationella Församling, opplevde han etter litt tid i ettertanke og bøn at det passa med kallet hans.

MINOS-PROFETI: Pastor Oral ­Hatava meiner profetien som Emmanuel Minos fekk frå ei eldre kvinne i Valdres er aktuell for svenske kristne i møte med ­muslimsk innvandring.

Muslimsk fleirtal

Vi kjøper med oss indisk lunsj og ruslar nokre hundre meter mot leiligheita som Ann og Oral Hatava har kjøpt. Dei fleste leiger husvere i Rinkeby, men akkurat i desse blokkene har leiligheitene vorte selde til privatpersonar. Dei vi passerer på vegen, er stort sett kvinner kledde i hijab eller menn i tradisjonelle afrikanske drakter. Menneske med somalisk bakgrunn er den største gruppa i bydelen.

Vi har akkurat sett oss til bordet hos Hatava då ein kjenning passerer kjøkenvindauget. Pastoren sprett opp, opnar vindauget og pratar med han.

– Det er ein kristen frå Egypt, fortel han då samtalen er over.

Det er ikkje eit spesielt vanleg syn i Rinkeby. Det er stort muslimsk fleirtal. For Hatava passar det bra.

– Det er to grupper eg har jobba blant som misjonær heile tida: kinesarar og muslimar, fortel han.

Mange flyttar vekk

Samstundes legg han ikkje skjul på at situasjonen er utfordrande for forsamlinga han leier.

– Vi er færre enn nokon gong. Alle barnefamiliane har flytta herifrå eller kjem til å gjere det løpet av tre til seks månader. Så vi blir ikkje ei forsamling med dei tradisjonelle generasjonane, seier han.

No er dei potensielt rundt 20 som kjem til gudsteneste, men forsamlinga har også ei arabisktalande gruppe som møtest i den tilgrensande bydelen Bromma. Der kan det kome 30-40.

Forsamlinga driv dessutan barnehagen Pärlan.

– Der har vi ein dobbel visjon: Borna skal få lære seg å kjenne kven Jesus er og snakke korrekt svensk. Rinkebysvensk er ein eigen dialekt, og det er ofte eit dårleg utgangspunkt når ein blir plassert på grunn av denne, seier han.

I tillegg til pastoransvaret underviser Hatava også på den kristne Stefansskolan.

– Blir trakassert

Sjølv om dei i tal ikkje er så mange, er Hatava inspirert av å stå i eit fellesskap med andre kristne som ønskjer å drive misjon retta mot nye landsmenn i Sverige.

– Fører skuledrifta til at de får kontakt med innvandrarar?

– Det skjer ikkje naturleg. Det er gjerne foreldre frå Etiopia og Eritrea som sender borna sine dit, og dei har etniske forsamlingar. Så sjølv om forsamlinga sår, haustar vi ikkje direkte av dette, seier han.

Det tek han likevel ikkje så tungt.

– Eg jobba i ti år med muslimar i Paris, og eg døypte éin. I Guds rike betyr det ingenting kva eg gjer. Det er Gud som gjer verket. Seinare er det kome mange fleire til tru.

– Kvifor flyttar barnefamiliane i forsamlinga frå Rinkeby?

– Kven vil bu der ein blir trakassert av dei muslimske borna fordi ein ikkje har plagg på hovudet, et gris og ikkje ber til Allah, spør han.

Sjølv om han for eigen del ser kallet til å vere der som misjonær, trur han ikkje nødvendigvis alle småbarnsfamiliar skal tenkje på same måten.

– Dei kristne og europeiske her er ein så liten minoritet, men det er ikkje den einste årsaka. Dei som har sjansen til å finne betre plassar å bu, vil gjerne flytte. Og ingen av dei som flytta, er frå Stockholm.

Undervegs i samtalen kjem også ein annan nabo forbi utanfor vindauget. Hatava er igjen på beina og opnar vindauget for å slå av ein prat.

– Det var ein muslim, seier han etter at han har sett seg på stolen igjen.

Sosiale problem

Oral Hatava vedgår at det er betydelege sosiale utfordringar i Rinkeby. Tronge bustader, narkotikahandel og arbeidsløyse er tre døme.

– I natt var det ein som vart funnen skoten i ein port, men han overlevde visst, seier han.

– Samstundes finnes det mange positive krefter her. Det finst også mange religiøse krefter som ikkje er radikale, muslimar som vil leve i fred.

Sjølv har han valt å engasjere seg på det som heiter Folkets hus, i praksis eit slags nærmiljøsenter, der mange med forskjellig bakgrunn møtest. Han trur også det er positivt at det skal byggjast ein ny stor politistasjon i Rinkeby.

– Eg er ikkje så uroleg for at det skal bli verre enn det er i dag, seier han.

Styrka sjølvkjensle

Likevel er han oppteken av at ein må gjere meir for å styrke sjølkjensla og ta vare på dei som bur der.

– Dei burde få løfte blikket. Dei blir alltid sett ned på. Det handlar også om å byggje Rinkeby som varemerke. Ein burde satse knallhardt på skulane og gi meir ressursar og psykososial støtte, seier han.

Frå eit kristent perspektiv meiner han det er viktig å stå sterkt imot framandfiendtlege haldningar.

– Dei som snakkar negativt­ om muslimar: Har dei møtt ­nokon muslimar? Har dei vener som er muslimar? Har dei invitert muslimar heim?

Hattava understrekar at han er sterkt kritisk til islam.

– Men før nokon er muslim, er det eit menneske skapt i Guds bilete. Gud har ein plan for dei.

Avviser Sverigedemokraterna

I det siste har Hatava tenkt mykje på profetien som den no avdøde norske pinseforkynnaren Emmanuel Minos fekk frå ei kvinne i Valdres i 1968, altså for nøyaktig 50 år sidan. Ho fortalte om tiltakande normoppløysing og likesæle mellom kristne, men også at det skulle strøyme innvandrarar frå fattige land til Europa, inkludert Skandinavia og Noreg. «Det blir såpass mange av dem at folk kommer til å mislike dem og være harde mot dem. De vil bli behandlet slik som jødene før krigen. Da er målet for våre synder nådd», sa kvinna ifølgje eit referat frå ein tale Minos heldt i 1995 på Sunnmøre.

Les meir om profetien her:

– Eg er vanlegvis ikkje så oppteken av profetiar, men akkurat denne trur eg fortel oss noko viktig, seier Oral Hatava.

– Gud er historia sin Gud. Alt skal samanfattast og gjenopprettast i Kristus. Gud tillet at muslimane kjem hit. Det er ikkje ei straff, men ein dom. Korleis vi tek imot dei, vil vere avgjerande for korleis det går med Sverige, seier pastoren.

– Det finst ikkje ein skugge av meg som kunne røyste på eit høgreradikalt parti. Eg har så mange vener som er muslimar, men tru meg: Eg har ingen sympati for islam. Men er du ein kristen som er så redd at du ikkje kan møte menneske, er det viktig at du begynner å spørje Gud om nåde og hjelp.

Powered by Labrador CMS