PREGAR PRATEN: Det er viktig at ein blir merksam på korleis ein ukritisk bruk av mediedebattar påverkar klassesamtalen om religion­, meiner professor­ Liv I­ngeborg Lied og stipendiat Audun Toft ved MF.

Muslimar og konservative kristne med felles svarteper

Underhaldande eller konfliktorientert materiale blir prioritert i religionstimane i norske klasserom. Det forsterkar eit negativt syn på islam og konservativ kristendom, meiner forskarar.

Publisert Sist oppdatert

Målet med religionsundervisninga i den vidaregåande skulen er å skape toleranse for religion i det fleirkulturelle samfunnet. Men no tyder ny forsking på at faget ofte kan vere med på å gjere det motsette.

– Vi ser at ein snakkar om dei ulike religionane på veldig forskjellig måte. Mykje handlar om at media set agendaen for samtalen i klasserommet. Konsekvensen er at spesielt islam blir diskutert innafor ei ramme som handlar om kva som er vanskeleg med islam i Noreg, fortel stipendiat Audun Toft og professor Liv Ingeborg Lied ved Menighetsfaktultetet.

Dei har sete bakarst i åtte klasserom på ein stor vidaregåande skule på Austlandet og observert over femti religionstimar. Inntrykket dei sit igjen med er tydeleg: Dei kontroversielle og ekstreme sidene ved islam blir trekte fram som det viktigaste, i motsetnad til når ein underviser om til dømes buddhisme. Det er ikkje uproblematisk, meiner forskarane.

– Ukritisk bruk av mediedebattar i klasserommet fører til at negative medieframstillingar blir reproduserte i klasserommet, seier Toft.

Latterleggjort

Studien viser at skulen er med på å forsterke tanken om at det sentrale i islam er kontroversielt. Dei same mekanismane kjem også til syne når det gjeld konservativ kristendom, men i ei langt mildare grad. Medan islam blir kopla til krig og folkemord, handlar kristendomsundervisninga meir om det som mange framstiller som forelda moral.

– Haldningar ein finn i konservativ kristendom, til dømes når det gjeld seksualmoral, blir trekt fram for å polarisere debatten. Konservative kristne får fylle ei stereotypisk rolle for å skape diskusjon i klasserommet, ofte blir dei nesten latterleggjorde, seier Lied.

Ho viser til eit døme frå klasseromsobservasjonen der mediesaka rundt avkristninga av julesongen «Deilig er jorden» blei brukt for å få fram ytterpunkta i debatten.

– I ein slik samanheng blir ein kristen ståstad lett stempla som ikkje-rasjonell og opphengd i bagatellar. Kompleksiteten ved det å vere kristen kjem ikkje fram. I staden er det desse marginale tinga som klistrar seg til oppfatninga av kva det er å vere kristen, seier Lied.

– Lite konflikt

På Edvard Munch vidaregåande skule i Oslo har Pernille Marie Hjelle Horntvedt og Eline Værnes Bakke akkurat fått vite at dei har munnleg eksamen i religion og etikk om to dagar. Saman med venninna Ellinor Bentsen Eide fortel dei om det som dei oppfattar som ei lite konflikthissande religionsundervisning. Jentene kjenner seg ikkje igjen i at ekstreme ytterpunkt får prege framstillinga av verken islam eller kristendom.

– Konfliktspørsmål blir heller tatt opp i samband med etikkundervisninga. Så snakkar vi om at kvar enkelt kan bli påverka av religionen sin når ein tek eit etisk standpunkt og at det er ikkje slik at eitt standpunkt definerer heile religionen, seier Horntvedt.

Elevane fortel om moskébesøk, møte med både ein kristen og islamsk konvertitt, og lærarar som oppmodar elevane til å sjølve finne ut kva dei tenker om kvar enkelt religion.

Skjermen er syndaren

Ein viktig del av årsaka til at lærarane ser seg nøydde til å ty til underhaldande og konfliktorientert undervisningsmateriale henta frå media, er frykta for at elevane skal forsvinne inn i skjermane, trur forskarane.

– I klasseromma har vi sett ei overveldande ikkje-tilstadevering. Lærarane må verkeleg kjempe for å fange merksemda til elevane. Vi er opptekne av at det ikkje er snakk om dårlege lærarar. Vi ser at dei ønskjer å nyansere, men stereotypiane får likevel dominere, seier Lied.

Gjennom observasjonen oppdaga dei at ekskursjon og møte med religiøse ikkje blei gjort, det blei sett på som for ressurskrevjande. I staden var det veldig vanleg å sette på ein episode av NRK-serien «På tro og Are».

– Det er lettare å vise ein film enn å transportere ei skuleklasse til ein moské, seier Toft.

Religiøse galningar

Nestleiar i Religionslærerforeningen Rita Knutsen Ims synest funna i studien er interessante, men kjenner seg ikkje heilt igjen i framstillinga.

– Vi treng ikkje å skru opp fiendebileta for å gjere religionsfaget interessant, seier ho.

Ims er religionslærar på Kristeleg Gymnasium (KG) i Oslo og brukar gjerne mediedekninga av religion for å aktualisere faget, men då med eit mål om å nyansere biletet som kjem fram i media.

– Viss media skaper eit inntrykk av at folk er religiøse galningar, må skulen gjere noko for å nyansere det. Kanskje kan vi bli flinkare til å legge meir vekt på det religiøse livet i staden for det som skaper konflikt? undrar ho.

Powered by Labrador CMS