LANDSMØTE: – Eg var litt lei etter å ha tapt med tre stemmer, men vi heldt humøret oppe, seier Lill May Vestly. Her er ho saman med Håvard Aanesland (t.v) , 6. kandidat for Aust–Agder, Tomas Moltu, listetopp i Hordaland PDK på landsmøtet søndag.

Namnestrid i De Kristne

Familiepolitisk talskvinne Lill May Vestly meiner namnet er misvisande.

Publisert Sist oppdatert

Under landsmøtet til Partiet De Kristne førre helg vart det diskutert om namnet på partiet skulle endrast.

Ei gruppe ynskte å setje ned ein namnekomité som kunne utgreie sterke og svake sider ved ulike namnealternativ. Men forslaget vart stemt ned med 29 mot 26 stemmer.

– Meir inkluderande

Familiepolitisk talskvinne Lill May Vestly stemte for å setje ned namnekomitéen. Ho meiner namnet er misvisande og trur folk oppfattar PDK som eit parti berre for ein gjeng kristne. Sjølv ønskjer ho eit meir inkluderande namn, men er tydeleg på at «kristen» bør vera ein del av det.

Eit døme på namn ho sjølv føreslår er «Kristent Frihetsparti».

– Det er den fremste identiteten ved partiprogrammet, og det er kjelda vi har prinsippa våre frå. Mange ikkje–kristne er òg samde i politikken vår. Konservative, tradisjonalistar og borgarlege søkjer til partiet, både frå Høgre, FrP og KrF.

– Nye stemmer

Vestly fortel at det er komen inn nye stemmer i PDK som i større grad er opptekne av kommunikasjon.

– Vi lever godt med kvarandre, trass i at vi er usamde om namnet og korleis det kommuniserer. Eit namn kommuniserer fleire aspekt, og vi vurderer det litt ulikt. Val av namn er val av profil, målgruppe og plassering i det politiske landskapet, seier Vestly.

Powered by Labrador CMS