Natta då marerittet begynte
Komande natt er det 80 år sidan nazistane for alvor slo til mot jødane. Sju år seinare var seks millionar døde.
Eit attentat utført av den 17 år gamle jøden Herschel Grynszpan på tredjesekretæren ved tyske ambassaden i Paris, Ernst vom Rath, gav nazistane påskot til å gå til åtak på jødane natt til 10. november 1938.
Godt planlagt
Nazistane forsøkte å framstille øydeleggingane den følgjande natta som eit uttrykk for folkeleg raseri mot jødane etter hendinga i Paris, men i røynda var det godt organisert av styresmaktene sjølve.
Jødehatet hadde vore ei sterk drivkraft for Adolf Hitler lenge før han kom til makta i 1933. Allereie i 1935 innførte nazistane Nürnberglovene som la sterke band på korleis jødar kunne leve i Tyskland.
Krystallnatta kosta 91 jødar livet. Fram til utgangen av november var rundt 400 jødar drepne eller drivne i døden. Meir enn tusen synagogar og andaktsrom vart raserte og brende, 7.500 forretningar og leiligheiter vart smadra, jødiske barneheimar, aldersheimar og forsamlingslokale vart rivne, øydelagde eller brende.
Opp mot 30.000 jødar mellom 16 og 80 år vart arresterte og frakta i konsentrasjonsleir. Nokre dagar seinare vart jødane ilagde ei svimlande kollektiv bot på 1,25 milliardar riksmark. Dei arresterte kunne kjøpe seg fri ved å forplikte seg til å utvandre.
Fortel historia
– Dette er starten på ei svært vanskeleg tid, fortalde faren til Ruth Winkekmann denne natta.
No er ho blitt 90 år gammal og har medverka til eit dokumentarprogram på BBC World News Service som blir sendt i dag med reprise på søndag, melder Times of Israel.
Winkekmann minnest at ho kom til skulen sin i Berlin morgonen etter. Då var denne barrikadert av dei same stormtroppane som hadde øydelagt synagogen like ved nokre timar tidlegare. Jentene måtte rømme gjennom loft i tilstøytande bygningar.
Faren hennar og 14 andre slektningar vart drepne i Auschwitz. Ruth og mora overlevde ved å leve i skjul i Berlin fram til dei vart redda av Raudekrossen i 1945. Framleis bur ho i byen og vitjar stadig skular for å fortelje historia si.
– Feil omgrep
Professor Einhart Lorenz ved Universitetet i Oslo meiner «krystallnatta» er eit uheldig omgrep.
– Det er språkleg problematisk, for vi snakkar ikkje om krystall, men om menneske! Eg vil heller kalle dette for novemberpogromane, for det varte ikkje berre ei natt, men dette galdt fleire pogromar som pågjekk i ei heil veke, sa Lorewntz til Dagen i samband med 70-årsmarkeringa i 2008.
Kjelder: nrk.no, snl.no, timesofisrael.com, Dagen-arkivet