ÅTVARING: Nazistane hadde stramma grepet om jødane også før Krystallnatta. Biletet av denne tilgrisa jødiskeigde butikken er frå juni 1938.

Natta då marerittet begynte

Komande natt er det 80 år sidan nazistane for alvor slo til mot jødane. Sju år seinare var seks millionar døde.

Publisert Sist oppdatert

Eit attentat utført av den 17 år gamle jøden Herschel Grynszpan på tredjesekretæren ved tyske ambassaden i Paris, Ernst vom Rath, gav nazistane påskot til å gå til åtak på jødane natt til 10. november 1938.

OPPRYDDING: Ein ungdom med kost gjer seg klar til å koste opp glasbrot utanfor ein jødiskeigd butikk i Berlin.

Godt planlagt

Nazistane forsøkte å framstille øydeleggingane den følgjande natta som eit uttrykk for folkeleg raseri mot jødane etter hendinga i Paris, men i røynda var det godt organisert av styresmaktene sjølve.

Jødehatet hadde vore ei sterk drivkraft for Adolf Hitler lenge før han kom til makta i 1933. Allereie i 1935 innførte nazistane Nürnberglovene som la sterke band på korleis jødar kunne leve i Tyskland.

Krystallnatta kosta 91 jødar livet. Fram til utgangen av november var rundt 400 jødar drepne eller drivne i døden. Meir enn tusen synagogar og andaktsrom vart raserte og brende, 7.500 forretningar og leiligheiter vart smadra, jødiske barneheimar, aldersheimar og forsamlingslokale vart rivne, øydelagde eller brende.

Opp mot 30.000 jødar mellom 16 og 80 år vart arresterte og frakta i konsentrasjonsleir. Nokre dagar seinare vart jødane ilagde ei svimlande kollektiv bot på 1,25 milliardar riksmark. Dei arresterte kunne kjøpe seg fri ved å forplikte seg til å utvandre.

ØYDELAGT: Ei gruppe menneske står utanfor ein jødiskeigd butikk i ein ikkje namngitt tysk by og ser på øydeleggingane etter krystallnatta. Over 7.500 butikkar vart råka.

Fortel historia

– Dette er starten på ei svært vanskeleg tid, fortalde faren til Ruth Winkekmann denne natta.

No er ho blitt 90 år gammal og har medverka til eit dokumentarprogram på BBC World News Service som blir sendt i dag med reprise på søndag, melder Times of Israel.

Winkekmann minnest at ho kom til skulen sin i Berlin morgonen etter. Då var denne barrikadert av dei same stormtroppane som hadde øydelagt synagogen like ved nokre timar tidlegare. Jentene måtte rømme gjennom loft i tilstøytande bygningar.

Faren hennar og 14 andre slektningar vart drepne i Auschwitz. Ruth og mora overlevde ved å leve i skjul i Berlin fram til dei vart redda av Raudekrossen i 1945. Framleis bur ho i byen og vitjar stadig skular for å fortelje historia si.

– Feil omgrep

Professor Einhart Lorenz ved Universitetet i Oslo meiner «krystallnatta» er eit uheldig omgrep.

– Det er språkleg problematisk, for vi snakkar ikkje om krystall, men om menneske! Eg vil heller kalle dette for novemberpogromane, for det varte ikkje berre ei natt, men dette galdt fleire pogromar som pågjekk i ei heil veke, sa Lorewntz til Dagen i samband med 70-årsmarkeringa i 2008.

MINNEMARKERING: Eit bilete av ein brannbil framfor synagogen i Fasanenstrasse i Berlin som vart brent av nazistane, vart denne veka stilt opp på den same ­staden.

Kjelder: nrk.no, snl.no, timesof­israel.com, Dagen-arkivet

Powered by Labrador CMS