VANDRING: I ti år har har interessa for pilegrimsvandring vore aukande. Bortfallet av utanlandske turistar har derimot ført til ein kraftig nedgang i talet på folk som går i fotspora til pilegrimane.

Nedgang i talet på pilegrimsvandringar

I ti år har interessa for pilegrimsvandring vore aukande. Bortfallet av utanlandske turistar har derimot ført til ein kraftig nedgang i talet på folk som går i fotspora til pilegrimane.

Publisert Sist oppdatert

– Fram til 15. juli i år har vi ein besøksnedgang på rundt 75 prosent – samanlikna med same tid i fjor, seier dagleg leiar ved Pilegrimssenteret Dale-Gudbrand i Gudbrandsdalen, Per Gunnar Hagelien, til Nationen.

Han understrekar likevel at ein god del vandrar «leden» utan å vere innom Pilegrimssenteret.

Trass i at bortfallet av utanlandske turistar har gitt færre vandrarar merkar fleire auka interesse for pilegrimsvandring blant nordmenn.

– Fleire nordmenn og yngre vandrarar enn før, er klare pilegrimstrendar så langt denne sommaren, seier seniorrådgivar ved Nasjonalt Pilegrimssenter, Mattias Jansson, til Nationen.

Powered by Labrador CMS