ABORT: I videoen publisert av The Oregonian på YouTube forsvarer Michael Bowman valet om å ikkje betale skatt. Han vil ikkje at skattepengane skal finansiere abort. Foto: Skjermdump YouTube/The Oregonian

Nekta å betale skatt grunna abort, vann i retten

– Styresmaktene brukar skattepengane til å finansiere Planned Parenthood, som mellom anna driv med abort – drap av uskuldige liv, seier Michael Bowman.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er ingen skattedemonstrant. Eg er glad i landet mitt og har eit ansvar overfor det og samvitet mitt, seier Michael Bowman til den amerikanske avisa The Oregonian.

Avisa melder at han har nekta å sende inn sjølvmelding eller inntektsskatt sidan 1999. Grunnen er at han ikkje ønskjer at skattepengane skal gå til å finansiere abort. Bowman er kristen og busett i byen Columbia City i delstaten Oregon.

– Drap av uskuldige liv

– For det første ville eg betalt skatt med glede, som ein del av eit normalt liv. Men styresmaktene brukar skattepengane til å finansiere Planned Parenthood, som mellom anna driv med abort – drap av uskuldige liv, seier Bowman til CBN News.

Bowman er ein av dei som ønskjer at staten skal kutte støtta til organisasjonen Planned Parenthood – den største aktøren som utfører abort i USA. Han hevdar det er i strid med religionsfridom, som er nedfelt i grunnlova.

– Ei kvinne har tilsynelatande rett til å velje, noko eg tydeleg ikkje har. I mitt 53 år lange liv har Amerika utført 55 millionar abortar under slagordet «valfridom, liberalisme, kvinner sine rettar og progressivisme», seier han til CBN.

Ikkje skatteunndraging

Den føderale dommaren Michael W. Mosman hevdar skuldinga frå styresmaktene ikkje gjev prov på at Michael Bowman freistar å løyne eller villeie statlege tenestemenn. Dette etter at Bowman hadde løyst inn sjekkar og halde banksaldoen på eit lågt nivå. Dei som skulle krevje inn skatt fekk dermed ikkje hente ut pengar.

– Å løyse inn sjekkar vert ikkje rekna som skatteunndraging, hevdar dommaren Mosman.

Skattestyresmaktene meinte derimot at Bowman sitt endra bankmønster var med på å løyne inntekta hans. Dei hevda det gjorde det mogleg å unngå å betale skatt. Bowman fekk likevel medhald av dommaren i retten, men styresmaktene vurderer å anke saka.

Powered by Labrador CMS