IVERKSETT: Markus Söder (CSU) står i spissen for ny lov.

No er det krossplikt på offentlege bygg i Bayern

Nokre offentlege institusjonar vil gå i mot avgjerda, sjølv om det kan få juridiske følgjer.

Publisert Sist oppdatert

Folket i den tyske delstaten Bayern er skeptiske til ei ny lov som krev at offentlige bygningar vert utrusta med den kristne krossen ved inngangspartiet. I går tok lova likevel til å gjelde, melder The Guardian.

Mannen bak lov er Markus Söder (CSU), som vart vald som ministerpresident for Bayern i mars.

Motstand frå geistlege

Motstand frå sentrale medlemmar av den katolske kyrkja og framståande teologar, har ikkje hindra lova frå å verte gjeldande i den sørtyske staten.

– Vi har nok krossar i Bayern. Söder utnytter og misbruker det religiøse symbolet, seier den protestantiske telologen Johanna Haberer, som meinar lovinnføringa er eit feilgrep.

Somme biskopar og kardinalar i den katolske kyrkja meiner lova er splittande.

– Krossen er eit reint religiøst symbol, og det bør ikkje reduserast til eit folkloristisk objekt og ein regional skikk, seier den påtroppande biskopen av Würzburg, Franz Jung, ifølgje The Guardian.

I en ny undersøking frå Infratest dimap er 56% av folket i Bayern for lova, medan 38% er imot.

Moralske plikter

Tobias Haseidl, ein av få krossprodusentar i Bayern, støttar ikkje initiativet.

– For meg er krossen eit symbol på hjelp og empati. Dei som hengjer det opp, bør førebu seg på å oppfylle dei moraslske pliktene som ein assosierer med det, noko eg ikkje ser særskild prov på, seier han til den tyske avisa Oberbayerisches Volksblatt.

Nokre offentlege institusjonar vil gå i mot avgjerda, sjølv om det kan få juridiske følgjer.

Powered by Labrador CMS