No skal Metodistkyrkja bestemme seg: – Opnar i praksis for likekjønna vigslar
Metodistpresten Hilde Marie Øgreid Movafagh har fleire gongar sagt nei til skeive som vil vie seg. Neste gong håpar ho å kunne seie ja.
Denne helga ser Metodistkyrkja i Norge ut til å i praksis opne for likekjønna vigslar.
Får forslaget som i ligg på bordet gjennomslag, kan den liberale sida hauste fruktene av årevis med kamp.
Dei konservative kyrkjene på si side, vil kunne melde seg ut.
Opp til den enkelte prest
Vegen fram til forslaget som metodistane sitt «kyrkjemøte», Årskonferansen, skal stemme over denne helga, har vore både lang og kronglete.
Allereie i 2019 vedtok dei nemleg å jobbe fram to syn på likekjønna samliv.
Dei oppnemnde då eit utval som skulle jobbe for å realisere det dei hadde vedtatt.
Dei fleste rekna med at det heile skulle bli ein kort prosess.
Slik blei det ikkje.
Koronapandemien, juridiske utfordringar, stadige kjeppar i hjula, og så vidare; bremsa framdrifta (sjå faktaboks nedst i saka).
Først no, nærare fire år etter utvalet vart oppretta, skal Metodistkyrkja stemme over det endelege forslaget.
– Opnar i praksis for likekjønna vigslar
Der slår utvalet fast at prestar og diakonar sjølv avgjer kven dei vil vie.
Hilde Marie Øgreid Movafagh som har vore med å utforme forslaget er optimist.
– Dersom det går gjennom, opnar det i praksis for likekjønna vigslar, seier metodistpresten, som til vanleg er rektor på det teologiske seminaret til Metodistkyrkja.
Vigselsliturgien ein treng for å vie to av same kjønn er alt klar og godkjent av norske styresmakter, ifølge sakspapira.
Også det norske konservative nettverket Connect Metodist er tydelege på kva konsekvensar forslaget metodistane skal stemme over får, dersom det går gjennom.
«Metodistkirken i Norge åpner i praksis for ekteskap mellom to av samme kjønn», skriv leiaren deira, Jan-Erik Fjukstad Hansen, på organisasjonens Facebook-side tirsdag.
«Menighetene må nå forholde seg til veivalget; vil man være med Metodistkirken i Norge som vil bli dominert av et liberalt syn, eller ønsker man å være i en kirke med et tradisjonelt syn?», skriv han.
Endrar formelt sett ikkje teologi
Forslaget endrar likevel formelt sett ikkje samlivsteologien til Metodistkyrkja i Norge.
Trussamfunnet er nemleg ein del av den internasjonale metodistiske organisasjonen United Methodist Church (UMC) og er bunden av den.
I dag er UMC konservative, sjølv om fleire trur dei vil snu i spørsmålet om likekjønna vigslar når det øvste nivået i organisasjonen, Generalkonferansen, samlar seg neste år.
Utvalet sitt forslag ser difor ut til å ha eit praktisk og ikkje formelt innsteg når dei skal svare på korleis Metodistkyrkja kan få «eit fullt ut inkluderande syn på menneskeleg seksualitet.»
Har sagt «nei»
Trass i at Movafagh har markert seg på den «liberale» sida av debatten, har ho valt å vere tru mot kyrkjesamfunnet.
– Eg har dessverre sagt nei til mange opp gjennom, og dermed har eg såra og avvist mange, seier ho.
No håpar førsteamanuensen å kunne seie «ja» neste gong nokon spør.
Det er likevel ikkje noka kø av skeive som vil vie seg, forklarar ho, noko ho trur heng saman med dei mange avslaga ho har måtte delt ut.
– Utolmodige
Leif Sverre Jacobsen er metodistprest og har også vore med i utvalet som står bak forslaget metodistane skal stemme over denne helga.
Han omtalar seg sjølv som konservativ, og er ikkje like klar i talen som Movafagh når det kjem til kva forslaget konkret inneber.
– Forslaget seier ein del om vigsel av likekjønna og førebuing til ordinert teneste. Dette må bli sett på bakgrunn av at fleire av dei som ønsker å komme i gang med full inkludering av lesbiske, homofile og transpersonar, er utolmodige, seier han.
Jacobsen er likevel tydeleg på at forslaget vil innebere ein seier for dei liberale metodistane her til lands.
– Dersom forslaget går gjennom, vil det vere ei stadfesting av vedtaket som Årskonferansen gjorde i 2019, og eit gjennomslag for dei som kjempar for rettane til dei homofile og lesbiske.
Risikerer klagesak
Trass i at Movafagh er glad for forslaget metodistane no skal stemme over, er ho ikkje heilt nøgd.
Dei som kjem til å vie likekjønna tar nemleg ein personleg risiko.
Sidan kyrkjesamfunnet formelt sett ikkje har endra teologi, risikerer ein at nokon klagar til biskopen, Christian Alsted.
I yttarste konsekvens kan han komme til å avskilte presten.
Kan utsette klager
I 2022 bad Metodistkyrkja i Norge Alsted om å utsette slike klager til etter det øvste nivået i trussamfunnet har behandla vigselsspørsmålet i 2024.
I sakspapira blir det avslørt at biskopen i mars kom ønske deira i møte, men at han i mai fekk beskjed frå sentralt hald om at å utsette slike klagesaker ikkje er lovleg.
I forslaget dei norske metodistane skal stemme over denne helga, står likevel eit unntak frå regelen sentralt.
Utvalet tolkar det nemleg slik at klagesaker som rører ved sivilrettslege spørsmål kan bli utsett, noko ein kan argumentere for at ein klagesak mot ein prest kan vere.
Movafagh seier ho difor håpar at risikoen ein prest tar ved å vie er teoretisk.
– Den som vier gjer det i tiltru til biskopen og kollegaene sine, seier ho.
Jacobsen på si side understrekar at likekjønna vigslar framleis vil vere i strid med kyrkjesamfunnet sin teologi til ein eventuelt endrar syn når UMC samlar seg i 2024.
– Dagens kyrkjeordning opnar ikkje for likekjønna vigslar eller prestar og diakonar i likekjønna ekteskap. Forslaget peiker likevel på ein paragraf i kyrkjeordninga der klagar i slike saker kan bli sett på vent, seier han.
Konservative kan melde seg ut
I tillegg til å opne for at prestar kan avgjere kven dei vil vie, foreslår utvalet å opne for at lokale metodistkyrkjer kan melde seg ut.
Det er grunn til å tru at det i første rekke er aktuelt for konservative lokalkyrkjer.
Dagen har nemleg tidlegare spurt alle metodistkyrkjene i landet om dei vil melde seg ut dersom ein opnar for det.
Då kom det fram at i alle fall fire kyrkjelydar har drøfta alternativet.
Ein av dei var den største metodistkyrkja i landet, Centralkirken i Bergen, der pastoren Dag Martin Østevold har over 900 soknebarn.
– Inntrykket er at fleire vil sjå seg rundt etter ei ny kyrkje dersom vi bestemmer oss for noko, sa han til Dagen den gongen.