ERHARD HERMANSEN: Generalsekretær i Norges Kristne Råd.

Noregs Kristne Råd meiner ny trussamfunnslov vitnar om statleg overstyring: – Dialog har vore fråverande

Noregs Kristne Råd ser med bekymring på signala frå styresmaktene om endring av trussamfunnslova.

Publisert Sist oppdatert

Dei nye signala som har komme frå regjeringa om endringar i den nye trussamfunnslova vekkjer bekymring blant mange av medlemmene i Noregs Kristne Råd. Rådet peikar i ei pressemelding på at mangel på dialog med styresmaktene og brei politisk forankring skaper frustrasjon rundt prosessen. Dei meiner òg at lova risikerer å spenna bein under mange av lokalkyrkjelydane.

– Då den nye lova om trus- og livssynssamfunn vart vedteke hadde me håpa på eit breitt politisk vedtak slik at lova, som vart godt motteken blant trus- og livssynssamfunna, skulle få leva lenge. Slik ser det ikkje ut til å bli, seier generalsekretær Erhard Hermansen i Noregs Kristne Råd

Allereie to år etter at den nye lova om trus- og livssynssamfunn tredde i kraft varslar regjeringa endringar knyta til krav om talet på medlemmer og krav om kjønnskvotering.

Noregs Kristne Råd meiner derimot at den nye trussamfunnslova bør få høve til å verka ei god stund før ein evaluerer og eventuelt gjer justeringar i lovteksten. I ei slik evaluering burde organisasjonane til trus- og livssynssamfunna vera sjølvsagde dialogpartnarar meiner dei.

– Men ein slik dialog har vore fråverande, seier Hermansen.

Så lågt tal som mogleg

I dagens lov er det eit krav om minst 50 medlemmer før eit trussamfunn kvalifiserer til statsstøtte. Her har regjeringspartia tidlegare gitt signal om auke til mellom 100 og 500 medlemmer.

Noregs Kristne Råd har heile tida meint at kravet om talet på medlemmer bør vera så lågt som mogleg.

– Om dette skal auka noko er det viktig at det ikkje blir sett så høgt at det skaper unødige problem for nokon, slik det til dømes vil gjera for Kvekersamfunnet. Dei har trass i den smålåtne storleiken sin, vore ein plogspiss for religionsfridommen i det norske samfunnet i over 200 år. Dei står også i ei særstilling teologisk som gjer det vanskeleg for dei å slå seg saman i forbund med andre trussamfunn, seier Erhard Hermansen.

Tilsvarande gjeld for fleire av Noregs Kristne Råd sine medlemssamfunn.

Ønskjer å arbeida for likestilling

Når det gjeld kravet om kjønnskvotering understrekar Hermansen at alle Noregs Kristne Råd sine medlemskyrkjer ønskjer å arbeida for likestilling, men meiner det heller må skje gjennom dialog enn at det blir eit lovmessig krav.

– Det er vanskeleg å forsvara ein påstand om at mangelen på menn i enkelte styrande organ i kristne kyrkjer og trussamfunn er eit utrykk for diskriminering av menn. Det er grunn til å tenkja alvorleg igjennom om eit kvoteringskrav som er tenkt å bidra til å løysa eit likestillingsproblem, bidreg til å skapa problem for trussamfunn som ønskjer å praktisera likestilling, seier Hermansen.

I Hurdalsplattforma har regjeringspartia lagt ned eit krav til at administrative organ i trussamfunn skal vera demokratisk valt og ha «minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn».

Noregs Kristne Råd understrekar òg at både tilslutning til og aktivt engasjement i eit trussamfunn er basert på frivilligheit.

– Me ser ein dobbeltkommunikasjon frå regjeringa. På den eine sida ønskjer ein meir enn gjerne at frivilligheita og dugnadsånda i Noreg skal stå sterkt, samtidig ser me tendensar til statleg overstyring og at ein i praksis ønskjer å ta frå mange kyrkjelydar det vesle økonomiske grunnlaget dei har. Med aukande straumprisar og utgifter elles vil dette berre gjera vondt verre for mange kyrkjelydar, seier Hermansen. KPK

Powered by Labrador CMS