Noregs mest kjente transperson ut mot «hen»-forslag
Stavanger SV foreslår å omtale alle skuleelvar som «hen» i offentleg dokument. Det møter motstand.
Førre helg blei det kjent at Stavanger SV foreslår å innføre «hen» i ordensreglementet for alle skulane i kommunen.
Forslaget blei sendt ut på høyring frå Oppvekst- og Utdanningsutvalet i kommunen.
– Eg meiner det flyt betre språkleg å skrive «hen» enn å skrive «han og ho», det er ein meir moderne måte å skrive på. I tillegg er det eit meir inkluderande kjønnsomgrep, sa SV-politikar Eirik Faret Sakkariasen til Stavanger Aftenblad som omtalte saka først.
– Dårlig idé
Bystyrerepresentant for Stavanger KrF, Marie Ljones Brekke, kallar forslaget tullete.
– Eg synes forlaget er ein dårleg idé som skapar meir forvirring enn nødvendig, seier Brekke.
– Dersom eg som kvinne skal omtalast som hen, føler eg det er utrulig misvisande. Eg er ikkje ein hen, eg er ei ho, legg ho til.
– Hadde det vore annleis dersom forslaget var å legge til eit hen, i tillegg til han og ho?
– Ja, for min del ville det vore det. Viss nokon plent vil omtalast som hen, skal eg ikkje nekte det. Det er noko anna enn at kommunen skal bestemme at no er vi alle hen, seier KrF-politikaren.
– Treng eige pronomen
Sexologen Esben-Esther Pirelli Benestad identifiserer seg sjølv som hen.
Benestad fryktar at ein generell bruk av hen vil føre til at ikkje-binære personar mistar eigarskapet til pronomenet sitt.
– Eg eksister ikkje, ifølgje det norske språket. Vi som verken identifiserer oss som mann eller kvinne har lengta etter eit pronomen som kan passe for oss, seier Benestad.
– Bør utvide språket
Sexologen understrekar at han ikkje er i tvil om at det er gode intensjonane bak forslaget, men at det likevel bommar.
Benestad meiner at det hadde vore betre å legge til eit ekstra pronomen, i staden for å fjerne dei eksisterande.
– Dersom «hen» blir allemannseige, mistar både han, ho og hen sitt pronomen. Eg meiner dette reduserer språket og skulle heller sett at vi utvida det.
Støttar forslaget
Benestad får derimot ikkje støtte frå sin eigen interesseorganisasjon.
Leiar for foreininga Fri, Ingvild Endestad, støttar forslaget og ser på det som eit forsøk på å gjere skulen meir inkluderande.
– Det er positivt at skulen tilrettelegg for at flest mogleg barn og familiar opplever seg inkludert. Barn og familiar kjem i alle variantar, og det er både meir praktisk og meir inkluderande om offentlige skjema klarer å ivareta heile dette mangfaldet, seier Endestad.
– Kva tenkjer du om at Benestad føler at han mistar eigarskap til sitt eige pronomen?
– Det synes eg er vanskelig å svare på. Ord kan brukast på fleire måtar, og det å bruke hen som eit utgangspunkt når ein ikkje kjenner kjønnet til nokon er heilt fint, men ein må også ivareta dei som brukar det som ein identitetsmarkør, understrekar Fri-leiaren.
Gjer inntrykk
SV-politikar Eirik Faret Sakariassen var den som fremma forslaget i Stavanger kommune.
Lokalpolitikaren seier at det gjer inntrykk å høyre at Benestad føler at han mistar pronomenet sitt.
– Det er ei problemstilling eg har blitt meir obs på etterkvart som debatten har rast. Tilbakemeldingane eg får frå Esben-Esther og folk som har kontakt meg, tyder på at det kan vere lurt å velje noko meir nøytralt.
– Har du rett og slett skifta meining?
– Det er det som er med å legge saker ut for høyring, då må du høyre etter. Eg hadde inga bestemt meining, men la det ut som eit forslag. Det har vore mykje debatt, og eg trur dette landar på noko alle kan leve godt med, spår Sakariassen som legg til at saka vil bli avgjort i Stavanger bystyre i haust.
Språkrådet tilrår ikkje
Tidlegare i år kåra det amerikanske språkrådet American Dialect Society pronomenet «they» til tiårets nyord, ifølgje den britiske avisa The Guardian.
I Noreg er «hen» enno ikkje eit ord i Norsk Ordbok.
Direktør for det norske Språkrådet, Åse Wetås, seier til Dagen at ho ikkje vil tilrå offentlig sektor å bruke «hen» som eit generelt pronomen.
Ho meiner at det er for tidleg og at ordet er for lite kjent.
Utydeleg språk
– Ordet er framleis i så avgrensa bruk at definisjonen ikkje er tydeleg nok for alle. Han og ho, vedkomande eller berre elevane, er våre foreløpige tilråding til kommunane, seier Wetås.
Men ho er open for at Språkrådet kan kome til å endre sin tilråding.
– Det er ikkje Språkrådet som bestemmer kva ord vi skal bruke, det er det språkbrukarane som gjer. Dersom veldig mange språkbrukarar brukar pronomenet ubestemt, vil vi måtte sjå på det på nytt og kanskje gje det ein omtale i ordbøkene, seier språkdirektøren.