PRIDE: Metodistpastor Carol Hill under eit pride-arrangement i Chicago, i USA. Bilde er frå eit anna anleiing.

Norske styresmakter opnar for likekjønna vigsel i Metodistkyrkja

Det til trass for at trussamfunnet sjølv ikkje har opna for det.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg fekk den liberale delen av Metodistkyrkja i Noreg eit tilbakeslag.

Det låg an til at det internasjonale trussamfunnet ville la metodistane her til lands utvikle ein ny liturgi for likekjønna par.

Men slik blei det ikkje.

No seier likevel norske styresmakter at dei vil rekne vigslar gjennomført i Metodistkyrkja som gyldige dersom dei følger norsk lov. Arbeidet med ein ny liturgi er alt i gong.

Det melder Vårt Land.

Biskop med lovnad

I fjor bad Metodistkyrkja i Noreg «biskopen om å sette klagesaker mot prester og diakoner som foretar vigsel av likekjønna på vent» inntil vidare. Og nyleg meldte Dagen at den aktuelle biskopen uttalte at kyrkjesamfunnet her til lands snart ville kome til å tillate likekjønna vigsler.

Det til trass for at det nyleg var slått fast at nasjonale kyrkjer, som Metodistkyrkja i Noreg, ikkje fekk avgjere spørsmålet sjølv.

I etterkant av biskopens utsegn sende Ole-Einar Andersen, informasjonsansvarleg i Trondheim metodistkirke, brev til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

– Eg ønskte å finne ut om eit ekteskap mellom to av same kjønn ville vere gyldig etter norsk lov, sjølv om vigselsliturgien ikkje er godkjend i Metodistkyrkja si internasjonale kyrkjeordning, seier Andersen til Vårt Land.

Etter berre éin dag fekk han svar.

Bufdir slo fast at det internasjonale kyrkjesamfunnets lære om ekteskapet ikkje er eit hinder. Dersom vigselen skjer i samsvar med norsk lovgiving og likestilingsprinisipper, vil vigselen kunne bli juridisk godkjend.

Trur ikkje dei bil kasta ut

Hilde Marie Øgreid Movafagh har ansvar for kyrkjesamfunnet sitt arbeid med liturgiar.

Ho seier til avisa at ho ikkje trur det internasjonale trussamfunnet vil ekskludere Metodistkyrkja i Noreg dersom den skulle komme til å gjennomføre slike vigslar.

N/A: Hilde Marie Øgreid Movafagh, rektor ved Metodistkirkens teologiske seminar.

– Da måtte ein utestengt mange som allereie har tatt i bruk liknande liturgiar, både i USA og i andre europeiske land, seier ho til Vårt Land.

Diskutert i over 50 år

Metodistkyrkja har diskutert likekjønna vigsel i fleire tiår.

Usemja har tidlegare ført til at fleire kyrkjelydar no vurderer å melde seg ut.

I 2019 vedtok metodistane her til lands det dei trudde kunne bli eit kompromiss. Dei ville jobbe fram ei ordning som likna på Den norske kyrkja sitt vedtak frå 2017 med to likestilte samlivssyn.

Inntil vidare hadde dei likevel ikkje mynde til å fatte eit slikt vedtak. Det måtte bli vedtatt frå øvste hald, Generalkonferansen.

Men i mars skulle eit avgjerande, internasjonalt møte gi Metodistkyrkja i Noreg det myndet dei trong. Trudde dei.

Eit endringsforslag sat nemleg kjeppar i hjula for den liberale fløya.

Forslaget om at nasjonale metodistkyrkjer sjølv skulle få avgjere spørsmålet sjølv blei sett til side. Dermed kunne ikkje Metodistkyrkja i Noreg løyse konflikten sjølv, slikt fleire hadde håpt.

Etter biskopens og seinare Bufdirs uttale er likevel saka igjen på agenda.

Powered by Labrador CMS