PREST: Benjamin Bjørnsen Anda er sokneprest i Giske og Vigra.
Tore Hjalmar Sævik
NRK: Benjamin Anda ber om pengar for å slutte i Den norske kyrkja
29 år gamal sokneprest reagerer sterkt på at brevveksling er gått til pressa.
Det er NRK som melder at soknepresten i Giske og Vigra utanfor Ålesund har vore i forhandlingar med biskopen om si framtid som prest i folkekekyrkja.
Dette går ifølgje NRK fram av eit brev frå biskopen til soknepresten før jul:
«Om vi forstår deg rett er en slik sluttpakke ment å bli oppfattet som en økonomisk kompensasjon for deg ved opplevd belastning gjennom vedtak gjort av Bispemøtet i 2020», heiter det i brevet - ifølgje NRK.