Denne meldingen våknet norske barn til i dag. Foto: Privat

NRK Super-App spør born om den seksuelle legninga deira

I dag tidleg vakna norske born til meldinga «Er du homo eller hetero eller noe midt i mellom» frå NRK Super-appen Svar-o-meter.

Publisert Sist oppdatert

NRK Super-appen Svar-o-meter sender dagleg ut spørsmålsskjema til norske born som har installert appen. Over 100.000 har lasta ned appen frå Google Play og App Store. I dag vakna brukarane til push-varselet “Er du homo eller hetero eller noe midt imellom? Ta dagens svar-o-meter!”.

Inne i appen finn ein spørsmålet med alternativa heterofili, homofili, bifil, vet ikke, en som ikke er nevnt og vil ikke svare.

Appen er retta mot aldersgruppa 9 til 11 år, men i App Store står det at den er eigna for born frå 4 år og oppover. På NRK Super sine nettsider går det fram at tilbodet deira er retta mot born frå 2 til 12 år.

Per klokka 10:00 er det i underkant av 15.000 born som har svart på spørsmålet. 7802 born har svart heterofili, 2991 born har svart veit ikkje, og 1407 born har svart bifil.

Klokka 14:00 onsdag hadde 8339 born svart at dei er heterofile, 3148 svarar at dei veit ikkje og 1499 born hadde svart at dei er bifile.

Svaralternativene inkluderte heterofili, homofili og bifili. Foto: Øystein Lid

Skuffa

REAGERER: Musikar og tobarnsfar Harald Høidahl. Foto: Sara Høidahl

– Eg vil ikkje at NRK skal stille borna mine det spørsmålet når dei er sju og ni år. Det vil heller eg som far gjere, seier Høidahl til Dagen.

Han er også redd for kva konsekvensar dette kan få for born som er usikre på si eiga legning.

– Eg meiner at ein skal respektere born og unge som slit med slike problem, og ikkje be dei velge noko og bli veldig usikker. Ein vel ikkje seksuell legning på same måte som ein vel pålegg på brødskiva, sier tobarnsfaren.

Sjølv om Høidahl meiner at appen kan vere gøy, er han no skeptisk til om han vil at borna hans skal bruke den framover.

– Som pappa veit eg ikkje kva som dukkar opp i appen, og difor er eg ikkje så ivrig på at ungane skal bruke den framover, sier Høidahl.

Ynskjer bevisstgjering

Prosjektleiar i NRK Supernytt, Frank Sivertsen, seier til Dagen at dei ynskjer å utfordre barna til å gjere seg opp tankar rundt dagsaktuelle tema. 85 prosent av brukarane av appen er mellom 8 og 12 år.

– Kvifor er det gale å spørje born om kva legning dei har? Spørsmåla i Svar-o-rama er knytt opp mot tema i Supernytt-sendingane. Heile konseptet med Svar-o-meter er å få barna til å reflektere rundt nyhender gjennom seg sjølv, seier Sivertsen.

Prosjektleiaren seier at Supernytt følgjer det ordinære nyheitsbiletet, men at dei vil presentere det på ein måte som er tilgjengeleg for barn.

Hovudsaka i dagens Supernytt-sending er ei sak som forklarer kva Pride er. Dette var relevant fordi det i desse dagar vert arrangert Pride mange stadar i landet, og det er ein del av det generelle nyheitsbilete, seier Sivertsen.

– Tankelaust

Espen Ottosen er teolog, filosof og medlem av fagrådet til nettstaden guttogjente.no. Dei gir veiledning om kropp, sex, relasjonar og identitet. Han reagerer på spørsmålet frå NRK.

– Eg synes det er svært tankelaust, og eg meiner det er fleire grunnar til at NRK bør beklage dette. Dette er å seksualisere barn. Eg meiner barn ikkje bør forhalde seg til seksualiteten sin på ein «vaksen» måte. Å bli avkrevd eit svar om seksuell legning er å presse barn inn i ei vaksa rolle, seier Ottosen og held fram:

– Samstundes er det ingen tvil om at ungdom kan oppleve at deira seksuelle kjensler er kaotiske, og at mange kan oppleve tiltrekking mot samme kjønn i ung alder, utan at dei treng å gjere det som vaksen. Dersom vi forventar at barn og unge skal definere si legning tidleg, står vi i fare for å låse barna fast i deira seksualitet.

I overkant av 3000 har svara «veit ikkje» på spørsmålet om legninga si. Ottosen skulle ynskje at det var fleire.

– Det sunne perspektivet på dette spørsmålet for eit barn på åtte år er å sleppe forhalde seg til denne tematikken. Vi veit ikkje alderen på dei som har svart, men eg håpar at ein åtte-åring ikkje føler at han må meine noko om den seksuelle orienteringa si.

Ottosen meiner ingen barn som er under pubertetsalder skal behøve å tenkje over legninga si.

– Det er eit overtramp å eksponere barn for eit slikt spørsmål og be dei ta stilling til dette. Eg meiner det er heilt uforsvarleg, seier Ottosen.

Normaliserer legningar

Leiar i Skeiv Ungdom, Kristoffer Odd Thomassen, meiner at spørsmålet kan vere til hjelp for unge som slit med legninga si.

– Eg synest at det kan vere kult. Fleire sit gjerne heime og har ikkje så stort nettverk. Ein har kanskje snakka om seksualitet på skulen eller i barnehagen, men gjennom eit slikt spørsmål vert det meir normalisert om ein likar gutar eller jenter, meiner Thomassen.

– 3000 har svart «vet ikke». Kva fortel det svaret deg?

– Det fortel oss at kjønn, og kven ein likar, ikkje er svart-kvitt og at det er heilt greitt. Det skal vere lov å seie at ein ikkje er sikker. Kjønn og seksualitet er noko som utviklar seg undervegs og det er fint og greitt, seier Thomassen.

– Er barn nede i femårsalderen gamle nok til å skulle ta stilling til eit slikt spørsmål?

– Absolutt. Vi tillegg barn mykje seksualitet i måten vi pratar om dei på. Vi kan til dømes seie «sjå på han tøffe guten der, han skal nok finne seg ei søt jente». Ofte tillegg vi barn ei heterofil legning, men born kan ha ei anna forståing. Dei har ein annan seksualitet enn vaksne og tenkjer gjerne at jenter eller gutar er søte, seier han.

Powered by Labrador CMS