FORVENTINGAR: Førstelektor Rolf Kjøde ved NLA Høgskolen trur impulsar frå Lausanne-kongressen i Sør-Korea i september kan bli viktige for norsk kristenliv.
Tore Hjalmar Sævik
Ny rapport: Meiner norske kristne treng asiatisk inspirasjon
Misjonsvitar Rolf Kjøde meiner erfaringar med å vere i mindretal vil vere nyttige for kristne i Noreg.
I førre veke lanserte den globale Lausanne-rørsla ein omfattande rapport om status for det kristne misjonsoppdraget.
– Her er mykje relevant statistisk materiale og mange innsiktsfulle bidrag frå fagpersonar og leiarar. Ikkje minst inviterer rapporten til ei vidare utforsking av både det sekulære og det digitale som globale misjonsutfordringar, seier professor Lars Dahle ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen.
Han er tillitsvald for mediespørsmål i Lausanne-rørsla.