UROLEG: Redaktør i Stefanusalliansen, Johannes Morken, er uroleg for iranske kristne.
Foto: Sølve Depui Aksnes
Ny rapport: Rekordhøg forfølging av iranske kristne
Strengare fengselsstraffer, bøter, forfølging og fysisk tortur. Faren ved å vera kristen i Iran eskalerer.
Ein fersk rapport utarbeidd av ei rekkje internasjonale menneskerettsorganisasjonar fastslår at 96 kristne i landet vart dømde til fengsel i 2024, til samanlikning med 22 kristne i 2023.
Formulert på ein annan måte: I 2024 vart kristne i Iran dømde til 250 år i fengsel samanlagt, og i 2023 til 43,5 års fengsel.
Tala gjeld såkalla konvertitt-kristne, det vil seia iranske borgarar som har konvertert frå islam til kristendom.