Forsking: Nye vitskaplege funn vekker optimisme blant bibelforskarar.

Nytt gjennombrot i forskinga – kan datere bibelske hendingar

– Desse funna opnar for nye, spennande moglegheiter, og kan bli viktig for historieforskinga framover, seier norsk professor.

Publisert Sist oppdatert

Dateringa av gammaltestamentlege krigar har lenge vore omstridt.

Bibelforskarar har måtte ta omsyn til tidsspenn på fleire hundre år.

Det kan no vere slutt på.

Ein ny metode skal kunne tidfeste bibelske hendingar med stor presisjon.

Det melder The New York Times.

Metoden

Jorda sitt magnetfelt og styrken på magnetismen har i alle tider variert frå år til år.

Det gjer at jorda i forskjellige epokar har vore utsett for ulik magnetisme.

Det kan samanliknast med årringar på trær.

I den nye metoden utnyttar forskarane dette.

Dei har funne ut at når til dømes keramikk blir varma opp til svært høge temperaturar, som ved ein brann, sluttar objekta å ta til seg magnetisme. «Årringane» sluttar å utvikle seg.

Samtidig ber dei framleis preg av magnetismen dei så langt har vore utsett for.

På den måten blir tida så å seie brent inn i objektet; leirkrukkene blir ei historisk klokke der visaren har stoppa opp.

Bibelvitskapleg nytte

Brann oppstod ofte under bibelske krigar, som ved Judarikets fall. Keramikk blei då ofte varma opp, og slutta å ta til seg magnetisme.

Ved å studere slike objekt, funne i byar som er brent ned under gammaltestamentlege krigar, kan ein sjå «når visaren stoppa opp».

På den måten kan ein finne ut omtrent når krigane fann stad.

Reint konkret slår ein fast tidspunktet for dei forskjellige krigane ved å samanlikne «årringane» i objekt funne i ulike, nedbrente byar frå Det gamle testamentet.

Slik kan ein seie om dei fall omtrent samtidig.

Der ein tidlegare opererte med tidsspenn på fleire hundre år, kan ein no slå fast kva tiår enkelte krigar skjedde innanfor.

Det er Yoav Vaknin, doktorgradskandidat ved Tel Aviv University og det hebraiske universitetet i Jerusalem, som står i spissen for studien

Funna er publisert i det engelskspråklege tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences.

Kan bli viktig

Terje Stordalen er professor i Det gamle testamentet ved Teologisk fakultet på Universitet i Oslo.

Han er kritisk til måten arkeologar jobbar med bibelhistorie på.

– Denne typen historieskriving handlar om «dei store menn og imperium», og er ikkje interessert i korleis livet for folk flest var. Det viktige blir å datere når ein by falt, ikkje kva lidingar og sorg fallet utløyste for dei som budde der.

– Det er etisk problematisk, seier han.

Professor: Terje Stordalen jobbar som professor ved Teologisk fakultet på Universitet i Oslo.

Det er anerkjente forskarar som har utvikla metoden. Professoren seier det difor er grunn til å ha tillit til den, trass i at han sjølv ikkje kjenner til den frå før.

– Dette opnar for nye, spennande moglegheiter til å tidfeste hendingar med større presisjon, og kan bli viktig for historieforskinga framover, seier han.

Powered by Labrador CMS