OASE: På stemnet si heimeside vert Ole Paus omtala som ein av Noregs mest folkekjære artistar. Han gjestar årets stemne saman med Roy Godwin, noko han får kritikk for. Biletet er frå då Paus spelte på Grunnlovsjubileet på Eidsvoll i 2014.

Ole Paus får kritikk for Oase-opptreden

Humanetikar er sterkt kritisk til den kjende artisten si deltaking på det kristne sommarstevnet Oase.

Publisert Sist oppdatert

Paus er for mange kjent for songen «Mitt lille land», som vart omtale som «eit symbol på samhaldet i Noreg», då den vart brukt i ulike minnesmarkeringar etter terroren som råka landet i 2011.

På heimesida til Oase, omtalast Paus slik:

«Ole Paus tilhører det absolutte toppsjiktet av norske fortellere og formidlere».

Paus kjem til å opptre for mellom 2000–5000 deltakarar under sommarstemnet i Kongstenhallen i Fredrikstad.. Han opptrer trass kritikk frå humanetisk hald.

Vart kritisert

HUMANIST: Tidlegare styreleiar i Human–Etisk forbund, Levi Fragell, kritiserer Paus for å dele scene med mirakelpredikant.

«...forstår Ole Paus hva han bidrar til når det annonseres at han opptrer på scenen ved Oase-stevnet i Fredrikstad...?

I innlegget er Fragell kritisk til kjente personar sitt nærvær i samanhengar der mirakelpredikantar er hovudattraksjonen. Han nemner Roy Godwin i denne samanhengen – ein av talarane under Oase.

«Det er et alvorlig problem at denne type forkynneres troverdighet styrkes av at velrenommerte personer deltar i det øvrige programmet.», skriv Fragell, og legg til:

«Kjente forkynnere, politikere og kunstnere legitimerer denne problematiske utvikling i verdens ledende og mektigste livssyn – den kristne religion.»

– Gripne av Gudstru

Til avisa Demokraten svarar Paus på kritikken.

– Eg har aldri opplevd noko tilsvarande. Eg åtvarast av humanetikarane mot å spele og synge for mitt eige publikum – av ein mann som slett ikkje veit kva tekstar, låtar og songar eg vil framføre i Kongstenhallen. Eg veit ikkje ein gong korleis kveldens program ender opp, seier Paus til avisa.

– Levi Fragell sitt tankegods om å ikkje spele for menneske som er gripne av Gudstru, høyrer vel heime i diktatur og regime vi definitivt ikkje ynskjer å ha noko med å gjere, svarar Paus.

Powered by Labrador CMS