UTSETT: Sjøholt Folkehøgskole skulle ha teke imot det første kullet med elevar i august, men har no stogga arbeidet med å pusse opp hovudbygninga. Foto: Sjøholt Folkehøgskole.

Omstridd folkehøgskule vert forsinka med eit år

Sjøholt Folkehøgskole skulle ha teke imot dei fyrste elevane sine til hausten, men styret ser seg no tvunge til å vente i eit år med å opne den omstridde skulen.

Publisert Sist oppdatert

Skulen har innført mellombels byggjestopp for renoveringa av bygningane som dermed ikkje vert klåre til skulestart i august, går det fram av ei pressemelding frå skulestyret som er attgjeven av Indremisjonsforbundet sitt hovudorgan, Sambåndet.

Det er Indremisjonsforbundet (ImF) som eig skulen.

– Stram tidsramme

Odd Christian Stenerud har vore styreleiar for Sjøholt Folkehøgskole AS sidan desember i fjor og seier han alt før koronaviruset dukka opp, vart klar over at det kunne by på problem å bli ferdig med oppussinga av skulen i tide.

– Eg konstaterte med ein gong at tidsramma, med oppstart hausten 2020, var stram. Etter kvart fekk eg same signal frå fleire av dei aktørane me engasjerte. Då bestemde styret seg for å søkja Kunnskapsdepartementet om eitt års utsetjing av oppstarten. På toppen av dette kom så koronaviruset, og då vart det heilt umogleg å tenkja seg oppstart til hausten, seier Stenerud til Sambåndet si nettutgåve.

Forvilt styreleiar

Målet med å opprette skulen på Sjøholt var å etablere ein skule for ungdom som ikkje ville gå rett laus på vidaregåande utdanning etter fullført grunnskule. Skulen skulle styrke elevar fagleg og sosialt slik at dei kunne bli betre rusta for den vidaregåande skulen.

Styreleiaren har ikkje det nøyaktige talet på kor mange elevar som har søkt om opptak, men skulen ville ha klart seg med 20-30 elevar det fyrste året, opplyser han. Dette talet var også innan rekkevidde, og hvis skuleanlegget hadde vore klart, ville det blitt skulestart i august som planlagd.

No har skulen i staden skrive brev til alle som har søkt om opptak med melding om avgjerda om å utsetje med eit år. Dei beklagar samstundes situasjonen.

– I styret er me fortvilte over at me ikkje kunne gje elevane det tilbodet me ynskte å gje dei frå hausten 2020, seier Stenerud som også beklagar overfor ulike samarbeidspartnarar.

Støy om samliv

Alt før den første eleven har gått inn skuleporten har det vore støy rundt skulen som ligg på Sjøholt, kommunesenteret i gamle Ørskog kommune som no er ein del av den nye storkommunen Ålesund.

I lokalavisa Bygdebladet på Sjøholt vart det i vinter påstått at den nye folkehøgskulen i bygda ville sparke tilsette som levde saman uten å vere gift eller ei kvinne som fekk barn utanfor ekteskap.

Det dei viste til var eit generelt verdidokument for Indremisjonsforbundet der det står at «Det livslange, monogame ekteskap mellom mann og kvinne er rammen for det seksuelle samliv, og det forventes at alle lever i samsvar med dette».

Dette må alle som får jobb i ImF, slutte seg til. Det står elles ikkje i ImF sitt dokument at dei som lever i strid med dokumentet, vil bli avskjediga.

Oppslaget i Bygdebladet gjorde at fleire andre medier dekte saka, og politikarar, aviser og folk i bygda har reagert negativt på ImF sitt verdidokument som likevel ikkje er i strid med likestillings- og diskrimineringslova.

– Generelt kan me seia at medieomtalen har svekka omdømmet til skulen. Me vil arbeida med å byggja det opp att, seier Odd Christian Stenerud til Sambåndet.

Berre rektor tilsett

Han melder også at dei har informert søkjarar til stillingar ved skulen om utsetjinga. Til no er det berre rektor som er tilsett. Elles har ingen så langt fått beskjed om at dei har fått jobb ved skulen.

– Det var mange gode søkjarar, fleire enn det som var naudsynt, og me har gjennomført nokre intervju. Det er folk som er veldig motiverte og som brenn for å gå inn i konseptet som skulen har, seier Stenerud.

Lars Johan Klokk har vore tilsett som rektor sidan i fjor haust. Han har framleis arbeidsoppgåver og vert ståande i stillinga sjølv om han korkje har stab eller elevar.

Om lag 20 personar har arbeidd med renovering av skulen si hovudbygning. Dei fekk beskjed om at arbeidet vert stogga midt i førre veka.

Det vert understreka at byggestoppen berre er mellombels, men styreleiar kan ikkje seie noko om når arbeidet vil starta opp att. Målet er å starte opp att i tide til at hovudhus og hybelhus kan vere klare til hausten 2021.

Powered by Labrador CMS