Open for fusjon med Misjonssambandet
– Ikkje usannsynleg, seier generalsekretær Erik Furnes I Indremisjonsforbundet.
Det var avtroppande formann i Misjonssambandet, Lars Gaute Jøssang, som i intervju med Dagen sa at han trur på ei samanslåing med Indremisjonsforbundet i løpet av ti år.
– Det er trong for å byggje alliansar, sa Jøssang.
– Ikkje usannsynleg
Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet har fått meg seg utspelet.
– Eg ser ikkje på det som usannsynleg. Vi tok opp spørsmålet om samanslåing under arbeidet med strategien, som vart vedteken i 2013. Då var det ikkje stemning i forsamlingar og krinsar for samanslåing. Men ein god del har skjedd sidan den gong, seier Furnes.
Dei siste åra har fleire forsamlingar blitt tilslutta både Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet. Først ut var Flekkerøya og Samnanger. Seinare har Vea på Karmøy, Kvinesdal, Lyngdal og eit par på Sunnmøre kome til.
– Det er ein klar trend med meir samarbeid. Og forsamlingane har også fått større tyding i Misjonssambandet, seier Furnes.
Ny strategi
Tidlegare har det blitt sett som ein stor skilnad mellom dei to organisasjonane at Indremisjonsforbundet har sjølvstyrte forsamlingar og krinsar, medan Misjonssambandet er toppstyrt.
– Eg trur det endrar seg etter kvart som vi får fleire misjonsforsamlingar, seier Furnes.
Dagens strategiplan for Indremisjonsforbundet er slutt i 2020.
– Kjem spørsmålet om samanslåing opp under arbeidet med ny plan?
– Ei kvar ansvarleg leiing må vere våken for kva som tener Guds rike i måten vi arbeider på, seier Furnes. Samtidig understrekar han at det er store geografiske skilnader.
– Det er ikkje alle stader det er like stor hensikt i å slå seg saman, seier han.
Administrasjon og leirstader
– Jøssang seier at det er trong for større alliansar. Kva vil vere hovudargumentet ditt for ei samanslåing?
- Det må vere synergiar. Vi må drive mest mogeleg effektivt slik at vi får mest mogeleg misjon for pengane. I dag har vi dobbelt med administrasjon og vi har kvar våre leirplassar.
Furnes er oppteken av at også deira forsamlingar må gje rom for ytremisjonsperspektiv.
– Vi må passe på at vi ikkje blir for opptekne av indremisjonen på kostnad av ytremisjon.
- Tarjei Gilje: Samlet om veien videre
– Slukt?
Misjonssambandet er langt større enn Indremisjonsforbundet.
– Du er ikkje redd for at Indremisjonen berre blir slukt?
– Jo, sjølvsagt er ein det. Det er ein grunn til at vi er to ulike organisasjonar. Vi er heilt klart ulike på ein del felt, også i profil og teologisk breidde. Større einingar kan også bety at ein får smalare spor. Det var ikkje berre firkanta organisasjonstenking som gjorde at det ikkje har vorte samanslåing tidlegare.